GRAVLAGD I NOREG: Den trippeldrapstiltala sør-sudanaren kan bli gravlagd i Bergen dersom Kripos ikkje får kontakt med familien hans. Foto: NTB/Scanpix. 
GRAVLAGD I NOREG: Den trippeldrapstiltala sør-sudanaren kan bli gravlagd i Bergen dersom Kripos ikkje får kontakt med familien hans. Foto: NTB/Scanpix.  (Foto: NTB/Scanpix.)

Trippeldrapstiltala kan verte gravlagd i Noreg

Politiet får ikkje kontakt med dei pårørande til den trippeldrapstiltala sør-sudanaren. Han kan difor bli gravlagd i Bergen.

Det er Bergens Tidende som skriv dette søndag. Tysdag er det eitt år sidan 31-åringen drap tre personar på Valdresekspressen med kniv. 

Rett før rettssaka kom opp klarte sør-sudanaren å klatre opp på eit tak i Bergen fengsel og kasta seg utfor. Den 10. september blei han kopla frå respirator og døydde ein time seinare.

Politiet har sidan då prøvd å kome i kontakt med 31-åringens pårørande utan å lukkast. Jørn Lasse Førde Refsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt seier til BT at Kripos har vore i kontakt med myndigheitene i Sør-Sudan, men har framleis ikkje fått respons.

Årsaka til at dei vil ha kontakt med pårørande er fordi dei skal få moglegheit til å forestå gravferda.

Til toppen