NYTT LØP: HMR-trippelen i Årdal har fått eit nytt, meir sentrumsnært løp i år. Men først ut er Vettisløpet komande søndag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
NYTT LØP: HMR-trippelen i Årdal har fått eit nytt, meir sentrumsnært løp i år. Men først ut er Vettisløpet komande søndag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Trippelen har fått eit nytt løp

Men som vanleg er Vettisløpet først ut når startskotet for løpssesongen i Årdal går komande søndag. 

Årdal: Søndag blir det folkefest i Skåri og fram til Vetti i Utladalen i Årdal når det 32. Vettisløpet i rekka går av stabelen. I år er det ingen Nasjonalparkfestival i forkant av løpet, men rammene blir dei same med grilling og fine premiar.

– Eit slikt løp er litt avhengig av vêret, men me forventar mellom 50-70 deltakarar i den aktive klassen, og så er det om å gjere å få med flest mogleg trimmarar. Det er nok av folk som trimmar i denne bygda, så me håpar dei støttar opp og blir med, seier Terje Solheim, som sjølvsagt er speaker undervegs i løpet.

Vettisløpet er eit godt innarbeidd løp hjå årdølene. Det om lag ni kilometer lange løpet finn stad i noko av det flottaste Noreg har å by på av natur, og tidlegare har profilar som Grete Waitz og Joan Benoit deltatt. I fjor deltok Noregs beste langdistanseløpar Marius Vedvik.

– Han kjem ikkje i år, men har sagt at han kjem til å koma tilbake i framtida, fortel Solheim.

Folkehelse i sentrum

På det meste har det vore 5–600 deltakarar på løpet som går frå Skåri, fram til Vetti og tilbake. I tillegg til at det er litt kniving i konkurranseklassane, handlar løpa som er ein del av HMR-trippelen i Årdal først og fremst om å få folk ut. Rundt om i bygda er det nok av trimpostar som vert flittig brukt kvar dag.

– Me satsar på folkehelse, og for oss handlar dette om at folk skal koma seg ut.

Det var årsaka til ein gjekk vekk frå Aosen Opp på Årdalstangen i fjor og erstatta det med eit meir sentrumsnært løp i Tangen på Kanten.

Nytt løp til hausten

No går også Heirsnosi Opp ut. I september skal heller Hydro Rundt gå av stabelen i Øvre Årdal. Dette løpet går frå sentrum, via trappa opp til Ytre Moa, rundt Hydro via kraftstasjonen og ned att i sentrum. 

– Me har hatt motbakkeløp dei siste åra, men vil no ha løpa i nærmiljøet. Det er meir publikumsvenleg, seier Jan Helge Sørebø. 

– Når det er sagt, var dette to knallfine motbakkeløp, men avstanden vart for stor til at me fekk med oss nok trimmarar, supplerer Solheim. 

Det er Hydro Øvre Årdal Bedriftsidrettslag som i samarbeid med idrettslaga ÅTIL og Jotun som arrangerer HMR-trippelen. Om du ikkje har prikka toppformen før sommaren enno, håpar dei likevel å sjå så mange som mogleg i løypa søndag.

Til toppen