FØRST I MÅL: Per Ove Walaker frå IL Fanaråk kom først over målstreken i Tangen på kanten i fjor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FØRST I MÅL: Per Ove Walaker frå IL Fanaråk kom først over målstreken i Tangen på kanten i fjor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Arrangøren håpar trimmarane kjem seg ut av godstolen

Laurdag er det duka for mosjonsløpet Tangen på kanten, det første av tre i HMR-trippelen. Dei tre kvassaste frå i fjor stiller truleg igjen, men arrangørane er mest opptekne av at trimmarane får ut fingeren.

Årdal: På laurdag startar det første av tre løp i HMS-trippelen, eitt av høgdepunkta om sommaren for aktive trimmarar i Årdal. Eit løp på Årdalstangen, eitt i Øvre Årdal og Vettisløpet i Utladalen.

– Det er alltid spanande med første løpet, så det blir moro. Vêrmeldingane lovar godt og løypa er i allefall flott no, seier løpsleiar og speaker Terje Solheim frå skigruppa til ÅTIL.

Håpar på fleire trimmarar

Det ventar ekstra flotte premiar til dei som har raskaste tid samanlagt, men premiar ventar òg alle dei som deltek på alle tre løpa. Å få vanlege folk til å snøra skoa og festa startnummeret på trøya er ein viktig grunn til at trippelen eksisterer.

– Det er alltid spanande å sjå kor mange trimmarar som møter opp. Det veit me ikkje før dagen kjem. Men me har reklamert godt, så me håpar på å få ein auke i trimklassen. Det er jo der folkehelseperspektivet kjem inn, seier Solheim.

Dette er tredje året HMR-trippelen blir arrangert. Etter årets sesong vil dei evaluera korleis opplegget har fungert, men Solheim forventar ikkje store endringane:

Erfarne arrangørar

– Eg føler me har truffe med det opplegget me har no. Me har ei flott løyper både i Øvre Årdal og på Tangen, medan Vettisløpet går gjennom noko av den flottaste naturen me har her i landet, seier han.

Det er skigruppene i Jotun og ÅTIL som arrangerer trippelen. Det er forventa mykje folk både på og rundt løypene, men Solheim trur dei har det meste under kontroll.

– I tillegg til desse løpa, tek me tiden på Storehaugen opp og Galdane Rundt i Lærdal, òg me arrangerer renn i Seimsdalen på vinteren. Så det er ein rutinert gjeng som skal halda styr på dette her, seier han.

Til toppen