JUBEL: Martin Ramsland for å ha sendt Sogndal i føringa 2-1 etter vel eit kvarter spel.
JUBEL: Martin Ramsland for å ha sendt Sogndal i føringa 2-1 etter vel eit kvarter spel.

Trist tap for Sogndal i serieavslutninga

Sogndal vart eit par hakk for små mot formlaget Aalesund

Sogndal - Aalesund: 2-4

Det var kampen då heimepublikummet skulle ta farvel med to av sine verkelege gigantar, Hannu Patronen og Rune Bolseth.

Sistnemde avslutta ei legendarisk karriere som strekker seg over 404 kampar og to tiår. Også Ruben Holsæter og Mahatma Otoo spelte sine siste kampar i svart og kvitt.

Målrik opning

Sogndal opna kampen best og tok leiinga to gongar ved Christophe Psyche og Martin Ramsland. Men tre flotte scoringar frå bortelaget gjorde at Aalesund gjekk til pause med ei 3-2 leiing. 

Ti minutt ut i andre omgang var Aalesund så nærme å doble leiinga som det er mogleg å komme. Først blokka Dyngeland skotet då Abdellaoue kom åleine gjennom, så var det kun storleiken på knottane som hindra ein Aalesund-spelar å sette inn returen.

I det 63. minutt fekk Henrik Furebotn skyte frå kanten av sekstenmeteren, men ballen sneia ein av dei oransje og gjekk ut til corner.

Bolseth tok avskjed med Fosshaugane

Tjue minutt før slutt gjekk Bolseth av bana til ståande applaus frå både publikum og spelarane på bana.

Eit kvarter får slutt gjekk Aalesund opp til 4-2. Ein uheldig Taijo Teniste sette ballen i eige mål etter å ha blitt hardt pressa av Mostafa Abdellaoue.

Sogndal makta aldri å få til nokon skikkeleg sluttspurt. Dermed vart det ei trist avslutning på ei stor karriere for Rune Bolseth, som no tek fatt på trenarkarriera i klubben.

Til toppen