Trivselsfylket Sogn og Fjordane, kva no?

MEININGAR

Trivselsfylket Sogn og Fjordane, kva no?

Ein får håpe, og jobbe for, at resultata skal bli like gode som det alltid har vore i trivselsfylket Sogn og Fjordane, skriv Hilde Horpen.

2. februar vedtok eit fleirtal i fylkestinget i Sogn og Fjordane at ein ynskjer å gå inn i ein region saman med Hordaland. Fleirtalet har dessverre ikkje lengre tru på eit sjølvstendig Sogn og Fjordane, og lev i trua på at alt vil bli betre når desse to fylka blir til ein region.

Sogn og Fjordane leverer gode resultat. Skuleresultata er gode, me har låg arbeidsløyse og det er lite fråfall i vidaregåande skule. Dette er tydelegvis ikkje godt nok for regjeringa. At ein ikkje legg vekt på fylket sine gode resultat ved denne samanslåinga er uforståeleg. Sogn og Fjordane leverer på mange område, og det er ingenting som tyder på at ei samanslåing er nødvendig for at Sogn og Fjordane skal levere sine oppgåver også i framtida.

Oppgåvefordelinga regjeringa snakkar so varmt om har ein heller ikkje sett noko til. Det har ikkje vore nemnd kva oppgåver ein slik region vil ha. Oppgåvefordelinga må ein berre sitje og vente på, og leve i beste tru på at det kjem før eller sidan. Desse oppgåvene burde vore tydelege frå starten av, men er truleg berre endå eit lokkemiddel frå regjeringa si side. Om det hadde vore ei tydeleg oppgåvefordeling ville situasjonen vore ein heilt annan. Først då kan ein snakke om desentralisering av oppgåver og makt.

Sogn og Fjordane bidreg med 110 000 innbyggjarar inn i ein region, med Hordaland sine 510 000 innbyggjarar. Dette vil svekkje veljarane frå Sogn og Fjordane sine røyster. Dette er på ingen måte ei demokratireform slik regjeringa skal ha det til, heller ei reform som svekkjer demokratiet for Sogn og Fjordane sin del.

Det gjenstår no å sjå kva stortinget til slutt vedtek. På bakgrunn av vedtaket frå fylkestinget ser det likevel ut til at Sogn og Fjordane ikkje er eit sjølvstendig fylke frå 2020. Det er synd å sjå at eit fleirtal i fylkestinget ikkje lengre har tru på Sogn og Fjordane som eige fylke. No gjenstår det å sjå kva ein region vil gje. Ein får håpe, og jobbe for, at resultata skal bli like gode som det alltid har vore i trivselsfylket Sogn og Fjordane.

Hilde Horpen

Organisatorisk nestleiar Sogn og Fjordane Senterungdom

Kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem Årdal

Til toppen