Årdal: Det oppstod problemar på karbonverket mellom klokka 14 og 15. Det førte til at gul gass pryda Årdalstangen, måndag.
Gass-tilførsla til renseanlegget streika, og anlegget gjekk difor over til naud-avsug.
Reparatørar arbeidde utover ettermiddagen for å fiksa problemet. Klokka 20 var anlegget tilbake i normal drift.
– No er anlegget oppe å går igjen. Det var gasstilførselen til renseanlegget me hadde problem med. Då sler naud-systemet inn, og me gjekk på naud-avsug, seier Wenche Eldegard, verkssjef, til Porten.no.
Nabo: – Måtte lukke att vindauga
Naboar av verket seier til Porten.no at dei opplevde han som skjemmande:
– I dag var det så gale at eg måtte lukka vindauga fordi lukta kom inn i huset. Det er ikkje kjekt å måtte gå i hus då det er så fint vêr ute.
Eldegard sler derimot fast at gassen, som består av svovel, ikkje er farleg.
– I den konsentrasjonen som gassen kjem i, er han ikkje farleg. Då hadde me ikkje fått lov til å sleppa den ut på naud-avsug.
– Det er gul og kraftig røyk, så det ser ofte verre ut enn det er. I alle fall i slikt klart vêr. Pipa er høg, og gassen vert blanda med luft, så folk må ikkje bli uroa. Miljødirektoratet har strenge reglar som me forholder oss til, seier Eldegard.