HARDINGFELE: Mange tok turen til Eldegarden.
HARDINGFELE: Mange tok turen til Eldegarden. (Bilde: Gunvor Eldegard)

Trollsk stemning på Eldegarden

Laurdag var sjette gongen søstrene Eldegard og mamma Marta arrangerte hardingspelkonsert på fjellgarden Eldegard i Årdal.

Arne Sølvert opna konserten med seljefløyte. 
Arne Sølvert opna konserten med seljefløyte.  Foto: Gunvor Eldegard

Årdal: På Eldegarden som ligg 330 meter over havet vart det laurdag arrangert felekonsert.                       

Ei av søstrene bak arrangementet, Jorunn Eldegard, seier til Porten.no at det er sjette gongen det vart arrangert hardingspelkonsert på garden som har vore sentral innan folkemusikk-miljøet i Noreg.

 – Det var trollsk stemning under opninga. Arne Sølvert stod langt oppi bakken og spela seljefløyte i det nydelege vêret under opninga, seier ho. 

Etterpå vart det lese dikt av søstera Ingvill.

Selde 90 billettar

Det vart selt 90 billettar og om lag 110 tok turen til Eldegarden. Der var det også kiosksal med pølser, lappar, kake og varm drikke.

Førre gang vart Sigurd Eldegard heidra. Jorunn seier han skreiv det nasjonalromantiske stykket Fossegrimen, det fyrste teaterstykket på nynorsk på Nationaltheatret.

Til toppen