SLÅR ALARM: UP-sjef Runar Karlsen er bekymra for at kun seks av ti i undersøkinga oppgir at dei veit at det er ulovleg å køyre når ein er trøtt.
 SLÅR ALARM: UP-sjef Runar Karlsen er bekymra for at kun seks av ti i undersøkinga oppgir at dei veit at det er ulovleg å køyre når ein er trøtt. (Foto: Pressefoto)

Trøtte førarar gjer sumarvegane farlege

Ei ny undersøking syner at seks av ti bilistar frå Sogn og Fjordane har holdt på å sovne medan dei køyrde bil.

Indre Sogn: Sumaren er høgsesong for trafikkulukker, og trøtte førarar er årsaken til mange av dei. Det kjem fram i ei pressemelding. 

Ei ny undersøking gjort av Respons Analyse på vegne av Circle K syner at heile 61 prosent av dei spurte i Sogn og Fjordane opplyser om at dei har hatt problem med å halde seg vakne bak rattet. 

NAF: – Bekymringsverdige tal 

NAF meiner tala i undersøkinga er bekymringsverdige, og kjem med ei oppmoding til bilistar: 

– Tenkt litt på å stoppe på hyggelege plassar. No om sumaren kan ein stoppe for å ta ein oppfriskande dukkert. Et sunn mat og drikk mykje vatn når du tek pause, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgiver i NAF.

– Dersom augeloka blir altfor tunge og konsentrasjonen sviktar, er det berre ein ting som gjeld, nemleg å stoppe for å ta ein hønebund. 

Det er stor forskjell på korleis unge og eldre reagerer når dei vert trøytte bak rattet. Dei eldre tek seg oftast tid til å kvile, medan dei yngre skrur heller opp musikken i bilen. 

– Høg musikk er ikkje resepten på å halde seg våken når ein køyrer bil, seier Sødal i NAF, og oppmodar til å heller ta ein køyrepause. 

Som å køyre med promille

Berre fem av ti frå Sogn og Fjordane oppgir at dei er klar over at det er ulovleg å køyre når ein er trøtt. Det får Utrykningspolitiet (UP) til å slå alarm.

– Bilistar som sovnar bak rattet utgjer en fare både for seg sjølv og andre i trafikken, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Karlsen opplyser om at trøytte førarar som køyrer uaktsomt kan straffast med opptil eit år ubetinga fengsel. 

– Ein burde vere klar over at 17 timar utan søvn tilsvarer same risiko som å køyre med alkoholpromille på 0,5, avsluttar UP-sjefen. 

Til toppen