Bærum: – Grusomt!, slik oppsummerer Mjøs sjølv kjensla då feilen gjekk opp for ho.
Denne helga har dei beste friidrettstalenta i landet vore samla til innadørs-UM i Sandvika i Bærum. I dag, søndag, vann Mjøs kvalifiseringsheatet på 200 meter med tida 26,47 sekund.
Vel i mål visste ho ingenting om at berre dei seks raskaste i kvalifiseringa kom med til finalen. Det var ho sju hundredelar unna å greie.
– Eg slappa godt av på slutten av løpet. Eg trudde førsteplassen kom til å gje meg finale, men slik var det ikkje. Det var ein altfor dårleg tabbe, seier Mjøs, som trur sjansane hadde vore gode om ho hadde pressa til målstreken.
Les også: Ein sesong med både oppturar og nedturar
Den offisielle rekorden hennar er på 25,97 og vart sett utandørs.
Dagen tidlegare vart Mjøs nummer elleve i lengde i J16-klassen med eit hopp på 4,74 meter. På 60 meter vart ho nummer sju i semifinalen med tida 8,25 sekund.
Klubbveninna Kristiane Sekkingstad Terum skulle eigentleg ha delteke på både 200 og 400-meter, men har slite med influensa i forkant av konkurransen og måtte difor trekkje seg.