KRF: Nominasjonskomiteen føreslår Tore Storehaug (t.h) og Trude Brosvik (t.v) på topp på stortingslista til KrF i Sogn og Fjordane.
KRF: Nominasjonskomiteen føreslår Tore Storehaug (t.h) og Trude Brosvik (t.v) på topp på stortingslista til KrF i Sogn og Fjordane. (Foto: KrF Sogn og Fjordane)

Trude Brosvik på andreplass: – Eg kjenner distriktsutfordringane godt

Tore Storehaug frå Askvoll er førstekandidat, medan Trude Brosvik frå Gulen står på andreplass på KrF sitt listeforslag før stortingsvalet neste år.

Sogn: Trude Brosvik (59) har mellom anna erfaring som ordførar, medlem av fylkesting, fylkesutval i Vestland fylke og i gamle Sogn og Fjordane. Ho sit i dag i hovudutvalet til Vestland fylke. 

Nyheita blir presentert i partiet sin kandidatpresentasjon.

Hjartesakene til gulingen er rettferdig fordeling, klima og respekt for livet. 

– At folk skal ha jobb, kunne leve liva sine der dei vil, ha rett til å ytre seg og leve ut trua si. Eg vil at fellesskapet skal styrkast slik at vi stiller opp for kvarandre, seier Brosvik i følgje presentasjonen. 

Halde fram som sentrumsparti

Ho fortel at grunnen til at ho stiller som kandidat for KrF Sogn og Fjordane er å medverke til at Tore Storehaug får ein ny periode på Stortinget. 

– Dessutan kjenner eg distriktsutfordringane godt, og eg er oppteken av at KrF skal halde fram som det viktige sentrumspartiet det er, seier ho vidare. 

På lista står òg Beate Bondevik Lie frå Luster som nummer fire, Marta Kjelby frå Gulen som nummer åtte og Frode Bøthun frå Sogndal som nummer ni.

Her er heile lista: 

1. Tore Storehaug, Askvoll
2. Trude Brosvik, Gulen
3. William Dalsbø, Stad
4. Beate Bondevik Lie, Luster
5. Kari Synnøve Muri, Stryn
6. Jarle Arvik Aase, Sunnfjord
7. Per Ståle Husevåg, Gloppen
8. Marta Kjelby, Gulen
9. Frode Bøthun, Sogndal
10. Gustav Johan Nydal, Kinn

 
Til toppen