HÆRVERK: Lærdal kommune vurderar å måtte stenga det offentlege toalettet ved bussholdeplassen på Lærdalsøyri grunna hærverk og tilgrising.
HÆRVERK: Lærdal kommune vurderar å måtte stenga det offentlege toalettet ved bussholdeplassen på Lærdalsøyri grunna hærverk og tilgrising. (Foto: Steinar Kvigne)

Trugar med å stengja offentleg toalett etter hærverk

Reinhaldarane som skulle vaska venterommet før helga vart møtt av ein «svinesti», seier leiar for tekniske tenester. No vurderer kommunen å melda hærverk til politiet.

Lærdal: Inne på venterommet var det sølt vatn utover golvet etter vassballongar, og det flaut av gjørme og bos. 

Ifølgje leiar for tekniske tenester, Alf Magne Hjellum, er det ikkje noko nytt fenomen. 

– Venteromma og toaletta vert tilgrisa frå tid til anna. Det skjer kvart vår når blodet bruser og russetida startar. Det er likevel inga unnskulding for å grisa til, seier han.

– Det er trist at dette er tilfellet. Hærverk kan skje når som helst, det er dumt å klandra russen for alt negativt som skjer april / mai månad, seier russepresident ved Årdal VGS, Jesper Lågøen til Porten.no i ein sms. 

– Eg har ikkje hørt noko om dette før, og eg håpar at russen i Sogndal ikkje gjer hærverk og at alle oppfører seg sjølv om det er russetid. Eg kjenner russen i Sogndal som ein ordentleg og fin gjeng, og håper at me kan skapa eit fint rykte til russen, seier russepresident Anna Hope Skjerven ein sms til Porten.no. 

Kan bli aktuelt med videoovervåking 

Hærverket og tilgrisinga har skjedd fleire gonger og Lærdal kommune vurderer no kva grep dei kan ta for å hindra framtidige hendingar. 

Ifølgje Hjellum er stenging av toalettet og venterommet, eller innføring av videoovervåking på området to aktuelle alternativ utover å politimelda dersom det skjer fleire gonger.

TILGRISING: No ser det reint ut, men før helga oppdaga kommunale reinhaldarar gjørme, vatn utover golvet og søppel. Foto: Porten.no-tipsar

– Kommunen vurderer, og har vurdert tidlegare, å få til videoovervåking på området. Det er meir aktuelt no når slike hendingar blussar opp att.

Hjellum la fredag ut ein varsel på nettstaden til kommunen. 

– Me har politianmeldt hærverk tidlegare, men me har ikkje bestemt oss endå i dette høvet. Me har lagt ut varsel på heimesida at dette ikkje er så lurt å halde på med vidare, seier han. 

– Uheldig å måtte bruke ressursar

Hjellum seier han synast det er veldig uheldig at ungdommen ikkje visar omsyn og oppfører seg. 

– Det er veldig dumt at det skjer, og at kommunen må bruka pengar og ressursar på ekstra vedlikehald og reinhald som resultat. Eg hadde sett pris på om ungdomen ynskja å bidra til å halde dei offentlege områda reine, seier han.

Til toppen