FOLKEMØTE: Bjørn Røvik i Borgund Servicesenter AS føre forsamlinga i samfunnshuset på Borgund onsdag kveld. Foto: Jan Christian Jerving
FOLKEMØTE: Bjørn Røvik i Borgund Servicesenter AS føre forsamlinga i samfunnshuset på Borgund onsdag kveld. Foto: Jan Christian Jerving

Truleg ny start for drivstoffanlegg

Fire nye eigarar står klare til å overta drivstoffanlegget til Uno-X ved Borgund Servicesenter AS i Lærdal. 
 

Onsdag kveld var det folkemøte i Borgundsamfunnshus, og det var drivstoffanlegget befolkninga står i fare for å miste frå nyttår som stod på saklista. 

Uno-X sitt drivstoffanlegg ved Borgund Servicesenter AS
DRIVSTOFF: Anlegget til Uno-X ligg ved Borgund Servicesenter.
Foto: Arkiv.

Legg ned

Uno-X starta opp drivstoffanlegget i 2011, mens i mai 2014 kom meldinga om at anlegget skulle leggast ned. Etter forhandlinga vart det utsett til ut 1. januar 2015, og i oktober fekk Borgund Servicesenter AS tilbod om å overta anlegget, inkludert ei 5 års leveringsavtale. 

Ny start

Fire eigarar er klare til å overta anlegget, når ei langsiktig avtale med banken er godkjent.

– Det skal ikkje gå så mange dagane før dei får svar, seier Bjørn Røvik styreleiar i Borgund Servicesenter AS, som har god tru på at avtalen går i orden.

Forslag til prosjektet

FORSLAG TIL DRIFT: Bjørn Røvik legg fram forslaget til drift av drifstoffanlegget ved Borgund Servicesenter.
FORSLAG TIL DRIFT: Bjørn Røvik legg fram forslaget til drift av drifstoffanlegget ved Borgund Servicesenter.

Prosjektforslaget som styret i Borgund Servicesenter har anbefalt eigarane å inverstera i inkluderar at Servicesenteret kjøper utstyret som Berge Verkstad eiger. Det er lagt inn eit konservativt anslag på sal av drivstoff på 250 000 liter. Marginen er lagt på ca. 1.12kr/liter på diesel og 0.63kr/liter på bensin, og det blir mogeleg å nytte bankkort og kredittkort når du fyller. Prisen vil vera lik for alle, kring 70 øre i rabatt på diesel og 50 øre på bensin.

Viktig sak for innbyggjarane

 – Det er viktig for innbyggjarane her på Borgund at me får fortsetje å få fylt opp tanken med diesel eller bensin, slik at me slepp å reisa heilt ned på Øyri, var nokre av innlegga denne kvelden.

HAR TRUA: Halvard Lunden under folkemøtet på Borgund.
HAR TRUA: Halvard Lunden under folkemøtet på Borgund.

– Her må me laga markedsføring, få opp skilt og me treng ein idèdugnad om namnet på stasjonen, seier Røvik engasjert.

Stemninga var god etter møtet var ferdig. Halvard Lunden synast det har vore eit kjempemøte og har stor tru på at det vert bensinstasjon i mange år framover. 

Til toppen