GODE NYHEITER: Den ureviderte rekneskapen for 2015 syner eit overskot på 14,6 millionar kroner for Årdal kommune, noko som betyr at dei er ute av Robek-registeret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GODE NYHEITER: Den ureviderte rekneskapen for 2015 syner eit overskot på 14,6 millionar kroner for Årdal kommune, noko som betyr at dei er ute av Robek-registeret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Truleg ute av Robek eit år før tida

Gode nyheiter for Arild Ingar Lægreid og Årdal kommune. 

Årdal: Etter planen skulle kommunen hente inn i underkant av 8 millionar kroner i 2016 og dermed kome seg ut av lista, men det var viss det ikkje vart overskot i 2015.

Den ureviderte rekneskapen viser førebels eit overskot på 14,6 millionar i 2015, skriv Sogn Avis. Det betyr at Robek-gjelda er inndekka, og attpåtil har dei rundt 6 millionar til disposisjon.

Den 15. februar rapporterer kommunane inn tala frå fjoråret i det såkalla KOSTRA-systemet, som er eit offentleg rapporteringssystem til staten. 

– Eg må berre berømme jobben alle avdelingane i kommunen har gjort ved å halde seg til budsjettet dei har fått tildelt i 2015. Det er ei medverkande årsak til at me klarar eit overskot også, seier Lægreid til Porten.no.

Framleis fokus

Deretter er det opp til kommunestyret å seia kor pengane skal plasserast når dei behandlar årsrekneskapen. Det blir truleg i april.

– Det er mange hol å putta pengar i, men driftsnivået er jo framleis for høgt. Planen vår er å ha eit årsresultat på 10 millionar kroner i pluss kvart år, så me må framleis ha fokus på drift og ta ho litt ned kvart år, seier han vidare.

Det er staten som har utarbeidd eit mål for kor mykje overskot kommunane skal ha i året, og for Årdal ligg dette på rundt 10 millionar kroner. 

Lært mykje

Med forbehold om at tala er korrekte, betyr dette at Årdal endeleg er ute av Robek-registeret, og det lenge før tida.

– Eg føler ikkje og har ikkje følt Robek-stempelet har vore så negativt. Eg trur me har lært noko av å koma på denne lista, og eg trur me kjem styrka ut av det økonomisk. 

– No må me ha eit sterkt fokus på driftsnivå og ikkje bruka meir enn ein har i inntekter. Inntektssida blei heile tida truga, og det ligg ting fram i tid som regjeringa jobbar med. Dette trugar inntektsnivået til Årdal, så me må ha fokus på driftsnivået heile tida i åra som kjem, avsluttar ordføraren.

Regjeringa har mellom anna varsla eit nytt inntektsystem, som vil føre til at Årdal tapar 2,6 millionar kroner årleg. Det er også eit forslag om å fjerne den såkalla maskinskatten, noko som også vil gi tap på inntektssida for kommunen. 

Til toppen