PÅ KLUBBJAKT: Truls Hovland seier han vil bestemme seg innan to-tre veker for kvar han blir å finne neste sesong. Florø FK stadfestar at dei er interesserte i lynvingen frå Årdal.
PÅ KLUBBJAKT: Truls Hovland seier han vil bestemme seg innan to-tre veker for kvar han blir å finne neste sesong. Florø FK stadfestar at dei er interesserte i lynvingen frå Årdal. (Foto: Arkiv)

Truls Hovland (20) er aktuell for Florø​

Er i samtalar med OBOS-debutanten om ein overgang.

Årdal: Ingenting er spikra, men det meste tyder på at midtbanespelar Truls Hovland innan kort tid signerer for nyopprykka Florø.

–  Eg har noko på gang, men har ikkje lyst til å seia noko før ting er sikkert, seier spelaren sjølv.

Hovland vil ikkje stadfeste anna enn at han er i samtalar med ein klubb på eit «nivå over tredjedivisjon». Men ein kjapp telefon til kystbyen er alt som trengst for å finne ut kva klubb det er snakk om. 

– Vi har snakka saman, stadfestar Terje Rognsø, trenar for Florø.

Les også: Truls Hovland scora hat-trick

Kan bli første Florø-signering

Klubben er ute etter å forsterke stallen før møtet med eit hittil ukjent nivå i OBOS-ligaen. Frå før har dei allereie forlenga med toppscorar Endre Kupen, assistkongen Rashad Muhammed og sisteskanse Nicklas Frenderup. Men enno har dei ikkje signert nokon utanfrå.

Terje Rognsø meiner Hovland har ferdigheiter nok til å hevde seg på dette nivået.

– Han har eit tempo og eit steg som kunne passe inn i vår måte å spele fotball på. Eg har veldig tru på at han kan ta nye steg ved å komme inn vårt opplegg. Eg har lenge meint at han bør prøve seg på eit høgare nivå, men det er veldig viktig at dette er noko han finn ut av og har lyst til sjølv, seier Rognsø. 

Trenaren seier dei enno ikkje har kome med noko kontraktsforslag enno, men at det ikkje skal vere langt unna. 

Ambisjonane er like høge som alltid

Årdal FK rykka i år ned til fjerdedivisjon. Hovland seier ikkje det vart direkte avgjerande for at han no er på klubbjakt.

– Eg føler eg kan bidra på eit høgare nivå, det hadde eg gjort uansett om me hadde blitt verande i tredjedivisjon. Eg har lyst til å satse, det er difor eg er på leit, seier Hovland.

I 2014 signerte då atten år gamle Truls Hovland for Sogndal. Der fann han seg ikkje til rette, det vart med eitt år og eitt enkelt innhopp i serien mot Molde. No har han to sesongar bak seg i tredjedivisjon, men ambisjonane er framleis å ein dag vende tilbake til Eliteserien. 

– Kor stor tru har du på at det vil skje?

– Veldig stor tru. Eg jobbar steinhardt for å nå måla mine og det skal eg klare, seier Hovland.

Til toppen