VANN: Årdal FK vann 4-2 mot 4. divisjonslaget Voss på måndag. Det var Terje Kvam Øvstetun og Truls Hovland som stod for måla til årdølene. Foto: Arkiv. 
VANN: Årdal FK vann 4-2 mot 4. divisjonslaget Voss på måndag. Det var Terje Kvam Øvstetun og Truls Hovland som stod for måla til årdølene. Foto: Arkiv. 

Truls Hovland scora hat-trick

Årdal FK vann mot Voss då dei spelte treningskamp på måndag. 

Voss - Årdal FK 2-4

Det vart siger for årdølene då dei spelte treningskamp mot Voss på bortebane måndag. 

– Kampen var veldig bra frå vår sida, seier trenar, Jan Kåre Stedje.

Vann 4-2

Heimelaget Voss tok leiinga på straffespark etter spelte 23 minutt. Årdal FK utligna etter 40 minutt og stillinga vart då 1-1 etter fyrste omgang.  

Det var Terje Kvam Øvstetun  som stod for årdølene sitt fyrste mål. 

– Me gjorde ein bra prestasjon, seier Stedje. 

Truls Hovland stod for dei tre neste måla til Årdal FK. Fyrst vart det 2-1, deretter 3-2, så scora Voss og til slutt enda det 4-2 til årdølene. 

– Truls er den som scora mest. Måla var veldig like og me kjemme frå eit godt spel på den sida av bana. Eirik Rode spelte og godt og samarbeida fint med Truls. Det er ein av dei store styrkane vårast, seier Stedje.

Trenaren fortel at det var ein rimeleg god tropp som stilte til treningskampen. 

– Nytt var at me brukte lærdølen Tobias Klepp, som kom veldig godt frå kampen, fortel Stedje. 

Må trena på det fysiske 

– Me er litt engstelege fordi nokre av spelarane har nokre småskadar. Eg trur nok ikkje det blir fleire treningskampar før seriestart om 14 dagar, seier Stedje. 

Under treningskampen mot Voss, var ein del av dei faste spelarane ute. 

– Det var ikkje alle som fekk fri frå jobb. Dette er ein situasjon me er vande med, seier Stedje. 

Det er ikkje fyrste gong Årdal FK spelar mot 4. divisjonslaget Voss. 

– Stilen er mykje den same og det er snakk om to lag som kjenner kvarandre godt. Me får ein god del sjansar og kampen går som venta, seier Stedje. 

I vinter fekk fleire av spelarane skadar, og Stedje meiner det fysiske er det viktigaste å jobba med før seriestart. 

– Me har ein del me må jobba hardare med for å vera på eit anstendig nivå. Vår utfordring er å få spelarane klare, avsluttar han. 

Til toppen