(Foto: Arkivfoto Marita Saue Hamre/Avisa Hordaland)

Trur bussulukka skuldast eit illebefinnande

I oktober i fjor kolliderte ein buss front mot front med ein trailer på E16 ved Nakkagjelstunnelen.

Voss: Fredag publiserte Statens havarikommisjonen for transport (SHT) ein rapport der dei skriv at ulukka truleg skjedde som følgje av at føraren fekk eit illebefinnande. 

Føraren, ein mann frå Sogndal, omkom etter ulukka, medan fem personar vart lettare skadd. 12 personar kom frå ulukka utan fysiske skadar.

«SHT vurderer det som mest sannsynlig at bussføreren fikk et illebefinnende, forårsaket av hjertesykdom, rett i forkant av ulykken,» heiter det i rapporten. 

I rapporten opplyser SHT at føraren hadde fått innvilga dispensasjon frå helsekrav i førarkort forskrifta.

Dei understrekar at han hadde følgd alle kontrollar og testar han ble pålagt relatert til dispensasjonen gjennom fastlegeordning og offentleg spesialisthelseteneste.

Det var NRK som omtalte saka først. 

Inga tekniske feil

I rapporten går SHT igjennom hendelsesforløpet i ulukka. Dei skriv at det ikkje vart gjort funn av tekniske feil på køyretøya. 

Trass for oppmodingar frå bussjåføren hadde under halvparten av passasjerane setebelte på då ulukka skjedde, ifølgje rapporten. 

I rapporten tilrår havarikommisjonen at Vegvesenet endra regelverket for beltebruk. Dei føreslår å installere system for påminning om beltebruk i bussar. 

Vil forska på arbeidsrelatert helserisiko

I rapporten opplyser SHT at helsekrav for førardyktigheit er forskjellig mellom transportsektorene, og seier det er eit behov for meir kunnskap om dette.

Vidare skriv dei at yrkessjåførar har ein større sjanse for hjarte- karsjukdommar generelt, og oppmodar Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt å forska meir på helsekrav, arbeidsrelatert helserisiko og individuell oppfølgjing for yrkessjåførar. 

Til toppen