SISTE REIS: Den siste kjende villreinflokken i Nordfjella vart skoten søndag. No startar søk i området for å sikra at det ikkje er att dyr i området.
SISTE REIS: Den siste kjende villreinflokken i Nordfjella vart skoten søndag. No startar søk i området for å sikra at det ikkje er att dyr i området. (Foto: Statens naturoppsyn/Miljødrektoratet)

Trur dei har fjerna villreinflokken i det smitta området i Nordfjella

No startar jobben med å gjennomsøka området, for å sikra at det er tomt for dyr.

Lærdal: Den siste kjente flokken med villrein er felt i Nordfjella, over ein månad før fristen som var sett til 1. mai. Det melde Miljødirektoratet måndag. 

Til saman er det skote 1384 villrein i området sidan saneringa starta 7. november i fjor. Ytterlegare 23 dyr har blitt tekne av skred, eller døydd av andre årsaker. Den siste kjende flokken på 23 dyr var skoten søndag. 

– Arbeidet som no står att er å sikra at alle dyr er funne og hindra at anna hjortevilt, og villrein eller tamrein frå andre område, trekkjer inn i saneringsområdet, skriv Nils Erling Yndesdal på heimesidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Søket etter attverande villrein vil skje både langs bakken med snøskuter og frå lufta i helikopter. Statens naturoppsyn håpar på hjelp frå folk som er i fjellet, og ber dei melde frå om observervasjonar, gjerne med koordinat eller GPS-posisjon.

Det blir tatt prøver av samtlege dyr som er tatt ut i Nordfjella og desse blir sende til Veterinærinstituttet for analyse. Til no er 17 villrein frå Nordfjella stadfesta smitta av skrantesjuka, i tillegg til eitt tilfelle som enno ikkje er stadfesta. Rundt 200 prøver er ikkje ferdig analyserte.

Målet på sikt er å bygga opp stamma på nytt. Fagfolk meiner det må gå fem år før ny villrein kan koma inn i området.

Til toppen