– Trur der blir mange overraska foreldre

8. og 9. klasse ved Aurland barne- og ungdomsskule har tysdag kveld premiere på «Musikalsk tidsbonanza». På ein time får publikum musikk, dans og sketsjar med innhald frå dei siste femti åra.

Aurland: – Me har sett ei klar utvikling og ein voldsam stigning. Dei torer å stå meir fram no. Prosessen er det viktigaste; elevane kjem nærare innpå kvarandre, det same gjeld lærar-elev-relasjonen. Om får me til eit godt sluttprodukt er det prikken over i-en, seier musikklærar John Erik Rode.

I eit drygt halvår har 8. og 9. klasse ved Aurland barne- og ungdomsskule (ABU) jobba med prosjektet «Musikalsk tidsbonanza». Ved lunsjtider tysdag var det klart for generalprøve. Elevar og lærarar hasta att og fram i salen; kostymer må på, lyset og lyden vera innstilt, replikkane memorerast ei siste gong.

For det er eit ambisiøst prosjekt med både musikk, dans og drama. Elevane står sjølve bak manuset og har den siste tida drilla inn tonar, verselinjer, refreng, dansetrinn og replikkar. På ein time skal elevane gje publikum ei kulturell tidreise gjennom dei femti siste åra.

– Me ville ha inn litt historiske glimt frå Aurland i dramabiten. Det vart veldig stort, så difor måtte me finna ein raud tråd. Den raude tråden vart då ei sentralborddame som ser tilbake i tid; dette er sketsjane bygde på. Dei er knytt til ting som har skjedd i bygda, utan at det er heilt historisk korrekt, seier miljøterapeut Gunn Veum.

Frå Elvis til Coolio via ABBA og Michael Jackson

Så er elevane klare. Ei oldemor sit på rommet sitt på Aurland Helstun. Ho får eit kjærkoment besøk av oldebarnet sitt, som nok har ein tilleggsmotivasjon ved besøket sitt; mobilen til jenta er treg og utdatert; eigentleg heilt ubrukeleg. 

Jenta klagar si naud, men oldemora tykkjer ho bør vera nøgd – alt er no så annleis og mykje enklare no til dags enn då ho var ung. Så startar oldemora på forteljinga om då ho var sentralborddame og kopla innringar fysisk opp til den som vart oppringt. 

I denne sketsjen får publikum sjå oldemora, femti år yngre. Ein telefon kjem inn til sentralen; Kristian, ein ung kar frå Aurland, ber om å bli kopla om til Berg-garden. For der bur Karin, som han gjerne vil ha med seg på dans på Østerbø. Det er nok ikkje fritt for at den unge utgåva av oldemora var noko nysgjerrig, så ho kvidde seg ikkje for å lytta til samtalane.

I neste nummer får publikum sjå Kristian, Karin og fleire andre ungdommar frå 60-talets Aurland dansa swing til Elvis-låta «That`s all right, mama», framført av musikk- og songgruppa.

Og slik går «Musikalsk tidsbonanza» i ein stram regi over den komande timen; me er innom 70-tal og kvinnekamp i form av ein diskusjon kor vidt born skal gå i barnehage avløyst av dans til ein ABBA-medley beståande av Mamma Mia/Super Trouper/Gimme Gimme Gimme.

På 80-talet ser me ein gutegjeng som har eit rockeband, før Michael Jackson-låta «Billy Jean» og tilhøyrande karismatisk dansing blir framført. Så er me over i dataalderen og får eit kort innblikk i ein heim der dataspeling blir gjenstand for diskusjon, før Aurland si utgåve av rapartisten Coolio entrar scena.

– Kjempekjempekjempebra

Og me endar i notid med fleire musikk- og dansenummer, der oldebarnet og oldemora – som gjennom heile førestillinga har halde det heile saman med sin dialog – inngår ein handel; oldemora kjøper oldebarnet sin mobil så jenta får råd til ny, mot at jenta lærer oldemora å bruka nyervervinga ho ho sjølv har skaffa seg.

– Dette var kjempekjempekjempebra; gjer de slik i kveld også, blir det kjempemessig, utbryt miljøterapeut Veum ved endt generalprøve.

Og hovudpersonane sjølve er klare på at hardt arbeid ligg bak.

– Me bli skikkeleg slitne etter ein dag med dette, seier Kamilla Ølmheim.

– Men det er artigare enn ein vanleg skuledag, legg Monica Hylland Hjellum til.

– Har de lært noko, då?

– Eg har lært å spela piano; det har eg aldri gjort før, seier Marius Valchizan.

– Og me har lært ein del historie. 60- og 70-talet kunne me jo ikkje så mykje om, fortel Nora Tangen Aarskog

– Artig å presentera fleire tiår slik

Premieren går av stabelen tysdag kveld klokka 1830; både foreldre og andre er inviterte. Onsdag kveld til same tid er det ny førestilling, og i tillegg blir det to førestillingar klokka 11 onsdag og torsdag, hovudsakleg for andre elevar, men også folk flest kan kjøpa billettar til desse framsyningane.

Elevane er litt nervøse og spente:

– Det blir mest flaut å spela for dei andre elevane, spesielt tiande. Å skulle spela for foreldra går greitt, seier Hylland Hjellum.

– Eg trur det blir kjekt for dei vaksne sidan det er historisk; og det er artig å presentera fleire tiår slik, seier Vegard Ebne

– Eg håpar eg ikkje mistar trommestikka, seier Isak Nesheim.

Håpar slike prosjekt blir årvisst

Det er første gong på mange år at elevane ved ABU har hatt eit større prosjekt med førestilling beståande av både musikk, dans og drama på denne måten.

– Både for den faglege utviklinga og utvilkinga som menneske er dette positivt. Målet er at slike prosjekt skal bli kvart år, eitt år med ungdomsskulen og eitt med barneskulen. At det blir ei rutine i det, i alle fall, seier Rode.

– Så er det viktig at dei får vist fram litt andre sider av seg sjølve. Nokre er veldig flinke i dei teoretiske faga, andre i dei kreative, seier musikklærar Britt Kari Kalhagen.

Dei to har leia musikkgruppa, medan miljøterapeut Veum og lærar Åshild Askeland har jobba med dans- og dramagruppa

– Eg trur det blir mange overraska foreldre her i kveld, nokre som ikkje har sett sonen sin dansa før, til dømes, seier Askeland.

Til toppen