HAR TRUA: Denne veka møtte lensmann i Årdal, Magne Knudsen, den nye politimeisteren for Vest politidistrikt, Kaare Songstad. Der vart politireforma naturlegvis omtala, og lensmannen har trua på at kontoret i Årdal vil bestå. Foto: Ina Eirin Eliassen.
HAR TRUA: Denne veka møtte lensmann i Årdal, Magne Knudsen, den nye politimeisteren for Vest politidistrikt, Kaare Songstad. Der vart politireforma naturlegvis omtala, og lensmannen har trua på at kontoret i Årdal vil bestå. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Trur lensmannskontoret i Årdal vil bestå

Det er framleis tidleg i prosessen, men lensmann i Årdal, Magne Knudsen, trur lensmannskontoret hans vil bestå.

Årdal: Denne veka var politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, på vitjing i Sogn. Etter besøket i Luster og Vik tysdag, besøkte han Sogndal og Lærdal onsdag. 

Ifølgje Knudsen ønskte den nye politimeisteren å gjere seg betre kjend med Sogn og Fjordane då han frå før kjenner Hordaland rimeleg bra. Frå 1. januar i år vart dei to fylka slått saman til eitt distrikt. Også regionlensmann Arne Johannesen deltok.

– Grunnen til at me tok det i Lærdal og ikkje var innom Årdal var rett og slett at politimeisteren ønskte meir fokus på å snakka med dei tilsette. Det sette me stor pris på, fortel Knudsen.

Fortalte om situasjonen i Årdal

I løpet av møtet fekk lensmennene i Årdal, Lærdal og Aurland ti minutt kvar til å snakke om sine kommunar.

– Eg prøvde å ha fokus på Årdal og våre utfordringar og avstandar. Me har liten kriminalitet, og det trur eg skuldast det gode samarbeidet me har med Årdal Tenk Tryggleik med fokus på førebyggjing. 

– Eg fortalte også at den største utfordringa vår er rus. Det har eg vore open på lenge. Det er viktig å få fram at det er vår største utfordring her i kommunen, seier lensmannen.

Trur lensmannskontoret i Årdal består

I desse tider jobbar politiet med å organisere leiarstrukturen, og ein vil ikkje merke noko til politireforma lokalt før neste år. 

– Det er ikkje kome så langt at lensmannskontora er drøfta. No byggjer dei loftet først, og så skal dei byggje seg ned til oss. Då får me sjå kor robuste einingane blir og kor store dei blir.

– Deretter vil kommunane og alle dei som har meiningar få høve til å vere med i prosessen, men me er samde om å vera positive til å finna gode løysingar. Korleis det endar, veit me ikkje, eg har stor tru på at Årdal som kontor vil bestå, held Knudsen fram.

– Er det så lurt å byrje med loftet? Burde ein ikkje heller starte med grunnmuren?

– Det har eg sagt ved x tal høve til dei som sit i styre og stell at det er lurt å lage grunnmuren først, men er no slik prosessen er. 

Til toppen