SISTE: Årsmøtet i frivilligsentralen i Lærdal no i vår vart den siste ettersom sentralen frå då av ikkje har eige styre lengre, men blir meir direkte organisert under kommunen. F.h.: Kommunalsjef oppvekst og kultur, Torunn Liltvedt, daglegleiar i frivilligsentralen i Lærdal, Anne Kristin Evensen, styremedlem Anne Helene Bergmål, ordførar Jan Geir Solheim og Knut Aarethun. Privat foto
SISTE: Årsmøtet i frivilligsentralen i Lærdal no i vår vart den siste ettersom sentralen frå då av ikkje har eige styre lengre, men blir meir direkte organisert under kommunen. F.h.: Kommunalsjef oppvekst og kultur, Torunn Liltvedt, daglegleiar i frivilligsentralen i Lærdal, Anne Kristin Evensen, styremedlem Anne Helene Bergmål, ordførar Jan Geir Solheim og Knut Aarethun. Privat foto

Trur og håpar folk flest merkar lite til omorganiseringa

Frivilligsentralen har ikkje eige styre lengre og blir i større grad lagt inn under kommunen. 

Lærdal: - Me har framleis vedtekter på at frivillsentralen skal vera tufta på friviljug arbeid. Så folk flest vil ikkje merka noko til omorganiseringa, håpar eg, seier dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Lærdal, Anne Kristin Evensen.

Fram til årsskiftet høyrde ordninga med frivilligsentralane til under kulturdepartementet. Sentralane var kommunalt eigd, men dei hadde eigne styrer.

No blir sentralane lagde innunder Kommunaldepartementet, dei skal ikkje ha eigne styrer lengre og rekneskapen blir lagt til kommunane. Finansieringa blir framleis i form av 60 prosent øyremerkt statleg stønad og 40 prosent kommunal - midlane går til løn av dagleg leiar.

- Gjerne enklare å ringja til oss

Evensen håpar omorganiseringa får lite å seia for tilboda sentralen i Lærdal gir:

- Me skal ikkje drifta kommunale oppgåver. Og det er eit veldig populært tiltak, ikkje berre i Lærdal. Me får aldri negative attendemeldingar. For mange er den sosiale biten vel så viktig som sjølve hjelpa me gir; at folk som gjerne er einsame kan koma innom og ta seg ein kaffikopp og ein prat.

Sentralen organiserer frivillige til å gjera jobbar hjå folk som treng det. Og dei bidrar med aktivitetar til dømes på bu- og omsorgsheimen og Doktorheimen.

- Det er gjerne enklare å ringja til oss enn naboen for å be om hjelp. I førre eittårsperiode stod me for 1250 timar med friviljug arbeid, forklarar Evensen.

Rustar seg for framtida

Bakgrunnen til at det frå sentralt hald vart bestemt overgang til kommunaldepartementet, var større tilpassing av sentralane i kommunane, både når det gjeld innhald og i høve tal på innbyggjarar i dei ulike kommunane. Men felles for alle er trivsel og folkehelse.

Det statlege tilskotet skal vara i fire år, så er det uklart kva som skjer. Det gjer at frivilligsentralen vil rusta seg for framtida denne fireårsperioden.

- Me vil bli meir sjølvstendige, og håpar kommunen ser at tenestene me leverer er såpass viktige at me er verd å satsa på vidare. Kommunen vil jo at folk skal vera heimebuande så lenge som mogleg, og det kan me bidra til.

- Stillingsprosenten som dagleg leiar er i dag femti prosent, men me håpar denne blir så stor at det blir ei attraktiv stilling i form av åtti eller hundre prosent, seier Evensen.

Til toppen