MASSEDØD: Død yngel i Lærdalselvi teken opp etter at Østfold Energi tappa elva til langt under fastsett minstevassføring.
MASSEDØD: Død yngel i Lærdalselvi teken opp etter at Østfold Energi tappa elva til langt under fastsett minstevassføring. (Bilde: Privat)

– Trur og håpar skadeomfanget er vesentleg mindre enn kva som vart framstilt

Elvetapping i Lærdalselvi skal granskast.

Lærdal: Østfold Energi, Lærdal kommune og Lærdal elveeigarlag har vorte einige om å kartleggje skadeomfanget etter at kraftselskapet ved ein feil tappa ned den kjente lakseelva under minstekravet i byrjinga av september.
 
Med ei vassføring under minstekravet på 10 kubikkmeter i sekundet låg det måndag 4. september store mengder død yngel og fisk langs delar av elva, skriv NRK.
 
Det er likevel uvisst kor store skadar nedtappingstabben førte med seg, men det skal no dei tre partane saman finne ut av.
 
– Det er berre observert død fisk éin stad, og vi håper og trur at skadeomfanget er vesentleg mindre enn det er framstilt i media, seier administrerande direktør Oddmund Kroken i Østfold Energi til NRK.
Til toppen