NØGDE: Kurt Jevnaker frå Årdal Venstre og Trude Risnes frå Leikanger Venstre er godt nøgde med gjennomslaga Sogn og Fjordane fekk under Venstre sitt landsmøte denne helga. Pressefoto
NØGDE: Kurt Jevnaker frå Årdal Venstre og Trude Risnes frå Leikanger Venstre er godt nøgde med gjennomslaga Sogn og Fjordane fekk under Venstre sitt landsmøte denne helga. Pressefoto

Trur på nye arbeidsplassar i distrikta

Trude Risnes og Kurt Jevnaker er nøgde med gjennomslaga Sogn og Fjordane fekk under landsmøtet i Venstre. – Dette vil løfte distrikta og føre til nye arbeidsplassar.  

– Etter innspel frå Sogn og Fjordane Venstre har vi sikra at vi held fram med å gå først i utflytting av statlege arbeidsplassar, vi får ein landbrukspolitikk som sikrar både store og små og vi satsar på breiband og infrastruktur over heile landet, seier Trude Risnes, frå Leikanger Venstre i ei pressemelding.

Utjamning av nettleige

Trude Risnes utgjorde sognekvoten på landsmøtet saman med Kurt Jevnaker frå Årdal. Jevnaker var på talarstolen under møtet for å fronte ei utjamning av nettleiga på straum, og fekk stort fleirtal for dette under møtet.

– Dagens system er veldig urettferdig med tanke på at vi som produserer mest straum skal betale mest i nettleige. Eg er veldig fornøgd med å ha fått med partiet på å arbeide for ujamning, seier Jevnaker. 

Sogn og Fjordane Venstre fekk også gjennomslag for eit nytt punkt i programmet om å utgreie modellar for redusert el-avgift for hydrogenproduksjon.

– Vi har fleire spennande prosjekt på gang i fylket med rein hydrogen, og dette gjev moglegheiter for nye arbeidsplassar med miljøvenleg teknologi, forklarar Kurt Jevnaker.

Nye arbeidsplassar

Trude Risnes er spesielt oppteken av næringsutvikling og nye arbeidsplassar, og meiner Venstre har den beste politikken for dette.

– I programmet løftar vi spesielt dei små og mellomstore bedriftene, og dei har vi mange av i Sogn og Fjordane, seier Risnes og held fram:

– Elles er eg sjølvsagt glad for at Venstre vil halde fram satsinga på læraren og skulen, og ta tak i plast og forsøpling av havet og fjordane våre. Det er inspirerande å vite at dette er saker Venstre verkeleg har gått i bresjen for.

Både Risnes og Jevnaker deltok på landsmøtet til Venstre for første gong, og synest det er spennande å få vere med å forme politikken for framtida. 

– Dette har vore inspirerande, hektisk, og veldig kjekt, slår dei to indresogningane fast. 

Til toppen