SØKJARBOOM: Gro Rugan i Framtidsfylket forventar endå fleire søknader til årets traineestillingar. Foto: Framtidafylket. 
SØKJARBOOM: Gro Rugan i Framtidsfylket forventar endå fleire søknader til årets traineestillingar. Foto: Framtidafylket. 

Trur på søkjarboom til attraktive stillingar

I fjor kom det over tusen søknader på Framtidsfylket sine traineestillingar. Gro Rukan ventar minst like mange i år.

Fylket: Framtidsfylket Trainee går inn i sit fjortande år. 150 traineear har vore gjennom programmet. I år er det 25 stillingar i 21 ulike bedrifter som skal kjempast om.

– Me har aldri før lyst ut fleire stillingar. Fagområda spenner frå arkitektur og kommunikasjon til forretningsutvikling og elkraft, seier Rukan. 

Av dei 21 bedriftene som i år lyser ut slike stillingar, har åtte av dei aldri hatt ein trainee før. Ordninga er ein heilt unik inngangsport til arbeidslivet, meiner Rukan.

– Og difor svært attraktivt for nyutdanna. Dei kjem inn i eit program med ei skreddarsydd stilling, og dei får eit nettverk frå dag éin. Den kollektive marknadsføringa og merksemda ein får av å lyse ut så mange stillingar samstundes, gjer at bedriftene får søkjarar som normalt ikkje ville oppdage deira stillingsutlysingar. Det er ein klar fordel, seier Rukan. 

Årets kull på 22 traineear er det største kullet i Framtidsfylkets historie. Dei kjem frå heile landet, og dei har ikkje angra på valet.

– Sogn og Fjordane er fantastisk. Det er behageleg å bu på ein stad, der det ikkje er så mykje kjas og mas som i storbyen. Eg elskar naturen, samtidig som jobben er utfordrande og spennande. Eg har lært utrolig mykje innan fagfeltet mitt og har blitt engasjert i mange spennande prosjekt. Kort og godt, eg stortrivast, seier Kristian Reinskau Knudsen frå Rogaland, som fekk stilling innan fornybar energi SFE.

Om ei veke går startskotet for årets karrieremesser i Oslo, Trondheim og Bergen. Dette er ein spesielt god sjanse for nyutdanna å møte bedriftene.

Artikkelen held fram under biletet.

TRIVST: Årets traineear angrar ikkje på valet dei gjorde.
TRIVST: Årets traineear angrar ikkje på valet dei gjorde.

– Fleire av traineeane som møtte sine arbeidsgjevarar på messene i fjor, står sjølve på stand i år. Så dei kan nok komme med gode tips for dei som vil kapre årets stillingar, seier Rukan.

Til toppen