TI PROSENT: Fondsbu ligg an til ein auke på ti prosent turistar i år i høve fjoråret. Spesielt vintersesongen og juli var bra. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TI PROSENT: Fondsbu ligg an til ein auke på ti prosent turistar i år i høve fjoråret. Spesielt vintersesongen og juli var bra. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Trur svak krone og terrorfrykt får fleire til fjells

Fondsbu ligg an til ti prosent fleire besøkjande enn i fjor, Skogadalsbøen har også hatt noko oppgang. Skiftningar i den store verda trur Fondsbubestyraren er noko av grunnen til auken

Årdal/Vang: – Det er lite fare for terroranslag her oppi, seier bestyrar ved Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen.

Generelt har turistnæringa i Noreg hatt ein knallsesong.

Les også: Beste juli nokon gong for hotella

Les også: Campingplassane hadde 22 prosent auke

Også fjellhotella og -hyttene ser ut til å gå mot noko i nærleiken av tidenes beste. Kvålshaugen melder om fem prosent auke i vintersesongen i høve fjoråret - og då var også det rekordvinter på Fondsbu.

– Tydeleg trend at mange fleire vil til fjells

I juli hadde ho heile tjue prosent fleire fjellturistar enn 2015-sesongen, medan det i august var ein liten nedgang på fire prosent.

– Men så var også august i fjor veldig bra. No har eg fullt alle helger framover, og det byrjar å bli ein del bestillingar i haustferien. Får me ein bra haustferie kan det vera snakk om rekordsommar. Per no ligg me vel an til ein samla auke på rundt ti prosent.

Forklaringa på dei gode tidene trur ho ligg ute i den store verda.

– Det er ein tydeleg trend at mange fleire vil til fjells, vidare at nordmenn ferierer meir heime. For det første har du svak krone som gjer det dyrare å feriera utanlands, og tilsvarande billigare for utanlandske gjester å koma til Noreg. Så trur eg det kan ha litt med terrorfrykt å gjera - sjå berre på Paris. Noreg er eit trygt land, og det er lite fare for terroranslag her oppi. 

Når det gjeld "type" fjellfolk ser også Kvålshaugen ein tydeleg trend:

– Dette har snudd seg; no har me fleire som går på toppturar og andre turar med Fondsbu som fast utgangspunkt. Men heldigvis har me framleis ein gode del hytte-til-hytte-turistar også. Det er viktig, blant anna for å oppretthalda nettet av sjølvbetjente hytter i fjellet.

Eidsbugarden og Skogadalsbøen

Eit ikkje veldig langt steinkast frå DNT-hytta ligg Eidsbugarden Hotell. Olav Kjell Moen frå Årdal har vore bestyrar her i år.

– Ein rimeleg grei sesong, vil eg seia, men sidan eg ikkje dreiv Eidsbugarden i fjor har eg ikkje noko direkte samanlikningsgrunnlag.

Han står også som bestyrar på Skogadalsbøen. Sonen og kjærasten hans har stått for den praktiske drifta av DNT-hytta innst i Utladalen i år, og Olav Kjell Moen fortel sesongen resultatmessig er noko betre enn den heller labre fjorårssesongen.

Artikkelen held fram under biletet

OPPGANG: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen dreiv Skogadalsbøen i år - DNT-hytta har hatt ein oppgang frå den labre fjorårssesongen. Arkiv
OPPGANG: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen dreiv Skogadalsbøen i år - DNT-hytta har hatt ein oppgang frå den labre fjorårssesongen. Arkiv

– Det vart ein middels god sommar. I juli hadde Skogadalsbøen vesentleg meir besøk enn i fjor, men noko nedgang siste del av sesongen. Totalt sett er det betre enn fjoråret for Skogadalsbøen.

Fondsbu held ope til haustferien er over - 9.oktober. Eidsbugarden stengjer ei veke tidlegare medan Skogadalsbøen avslutta sesongen 18.september

Til toppen