Trygg Trafikk krev at førarprøvane må endrast
(Foto: Arkiv)

Trygg Trafikk krev at førarprøvane må endrast

Trygg Trafikk krev at alle spørsmåla i teoriprøvane til Statens vegvesen blir endra etter NRK-avsløringar om at fasitane er til sals for nokre tusen kroner.

  • Endret

NRK har i fleire veker kartlagt eit kriminelt nettverk som tilbyr juks på teoriprøvane til Statens vegvesen.

For nokre tusenlappar får kundane sjå fasiten til fleire av dei obligatoriske teoriprøvane til Statens vegvesen, for slik å jukse seg til førarkort for buss og bil.

– Når det blir kartlagt svindel og juks på dette nivået, er det klart at det utgjer ein trussel og ein fare for trafikktryggleiken, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.

Johansen meiner det blir meir alvorleg når det er yrkessjåførutdanninga det er snakk om.

– Dei skal køyre tunge køyretøy og frakte menneske, kanskje barn. Dersom vi ikkje kan vere sikre på at dei som skal ha denne type jobbar, har dei ferdigheitene dei bør og skal ha, er det ein fare for trafikktryggleiken, seier direktøren.

Ved å pugge enkelte ord i spørsmålet og i svaret er det mogleg bestå teoriprøven – også for dei med store språkproblem.

Johansen meiner prøvane det blir juksa med, no må endrast. Han foreslår også at prøvesystemet blir endra slik at det ikkje er mogleg å legge ut prøvane for sal.

– Det betyr at ein i framtida må tenkje godt igjennom korleis ein lagar prøvar, og på eit eller anna vis gjere det vanskelegare å få tak i slike prøvar og omsette dei. 

Til toppen