SYKLA ELLER GÅ: Trygg Trafikk ber foreldre late barna gå eller sykla til skulen dersom det er mogleg for å unngå trafikkfarlege situasjonar rundt skulane.
SYKLA ELLER GÅ: Trygg Trafikk ber foreldre late barna gå eller sykla til skulen dersom det er mogleg for å unngå trafikkfarlege situasjonar rundt skulane. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Trygg Trafikk si oppmoding til skulestart: – Lat barna gå eller sykla til skulen

Når foreldre råkøyrer sine eigne barn til skulen, set dei naboen sine barn i fare, meiner Trygg Trafikk.

Kvart år held lokalt politi, Utrykkingspolitiet og Statens vegvesen trafikkontrollar i samband med skulestart. Kvart år mistar fleire foreldre førarkortet, eller får høge bøter, for å ha råkøyrt på skulevegane.

– Eit stadig problem ved mange skular er den kaotiske trafikken ved skulestart og skuleslutt. Dess fleire som køyrer, dess fleire uoversiktlege og farlege situasjonar blir det for barna, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

AUKANDE PROBLEM:  Eit stadig problem ved mange skular er den kaotiske trafikken ved skulestart og skuleslutt, seier Audun Heggestad.
AUKANDE PROBLEM: Eit stadig problem ved mange skular er den kaotiske trafikken ved skulestart og skuleslutt, seier Audun Heggestad. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

Farlege situasjonar

Han meiner foreldre bør late barna gå eller sykla til skulen i staden. På denne måten vil dei få trafikkerfaring, frisk luft og fysisk aktivitet, noko som gir ein god start på dagen. Må ein bruke bil, kan det vere ein idé å stoppe eit stykke frå skulen, så kan barnet gå siste resten.

Køyrer du på ein skuleveg, må du hugse at barn er impulsive. Oppdagar dei noko spennande, kan dei gløyme at dei kryssar vegen, seier Heggestad.

Dei yngste skulebarna forstår ikkje at bilisten kan vere oppteken av andre forhold i trafikken, og at dei difor ikkje legg merke til dei.

Vil gjerne sykle

Trygg Trafikk

  • Gå skulevegen saman med barna og snakk om det de ser i trafikken. 
  • Gå saman med andre foreldre og fordel dagar de følgjer barna til skulen.
  • Finn den sikraste skulevegen. Den kortaste er ikkje alltid den tryggaste. 
  • Dersom du må køyre barnet ditt til skulen, bør du stoppe eit stykke frå skuleporten, så barnet kan gå den siste strekninga. 
  • Å sykle saman med barnet, gjer god trening i trafikken.

I dag vert mange barn køyrd med bil til skulen av foreldre, sjølv om avstanden er kort. Dersom fleire syklar i staden for å bli køyrd, vil biltrafikken ved skulane og langs skulevegen bli redusert. Mange barn seier at dei ville ha sykla, dersom dei fekk bestemme sjølve, hevdar Trygg Trafikk.

Trygg Trafikk anbefaler at barn bør være 10-12 år gamle før dei syklar åleine i blanda trafikk. Det er først i denne alderen dei har føresetnader for å kunne sykle i eit vanskeleg trafikkbilete.

Er skulevegen trygg nok, kan barn gjerne sykle åleine tidlegare. Det kan også vere fint å sykle saman med foreldra, seier distriktsleiaren.

Til toppen