UROA: Kjersti Toppe (Sp) ønskjer å sikra kvaliteten i fødselsomsorga og er uroa over arbeidspresset som jordmødrer og anna helsepersonell rapporterer om. Foto: Senterpartiet/ Flickr
meiningar
UROA: Kjersti Toppe (Sp) ønskjer å sikra kvaliteten i fødselsomsorga og er uroa over arbeidspresset som jordmødrer og anna helsepersonell rapporterer om. Foto: Senterpartiet/ Flickr
meiningar

Trygt fødetilbod -  for mor og barn!

KOMMENTAR: Ei god svangerskapsomsorg, eit trygt fødetilbod og nær oppfølging i barseltida er avgjerande for å sikre god helse hos mor og barn. 

På kvinnedagen 8.mars blei Jordmorforbundet sin rapport kjent.  Tilstanden på norske fødeklinikkar blir her karakterisert som  «veldig alvorlig». 

Strekkjer ikkje til

Halvparten av jordmødrene har vurdert å slutte i jobben. Eit stort fleirtal av jordmødrene ( 94 prosent) svarer at kvalitetskravet om at fødande skal ha ei jordmor hos seg i aktiv fase av fødselen, ikkje er mulig å følgje opp.

Over halvparten( 58 prosent) svarar at dei enten av og til, ofte eller svært ofte ikkje klarar å ha tilstrekkelig overvaking av mora i fødsel.

Krav om jordmor

I 2010 kom Helsedirektoratet med sine anbefalte kvalitetskrav til dei ulike nivå av fødetilbod vi har i landet. I desse kvalitetskrave er det slått fast at bemanninga i kvinneklinikkane må vere tilstrekkelig til å vareta forsvarleg overvaking og behandling.

Kvinneklinikkane skal også etterkomme den faglege anbefalinga om at alle fødande kvinner skal ha ei jordmor hos seg under aktiv fase av fødselen. Senterpartiet stiller no spørsmål om desse kvalitetskrava blir følgd opp.

Åtvarar om ei bemanning som ikkje er forsvarleg

I Aftenposten 16. juli 2015 åtvara jordmødrer mot det som dei meiner er sprengt kapasitet ved alle fødeavdelingane i Stor-Oslo. Dei fortel om fødande som må «krangle» seg til ein fødeplass.

Jordmødrer ved Haukeland universitetssjukehus har stått fram og åtvara mot ei bemanning som dei meiner ikkje er jordmorfagleg forsvarleg. Budsjettsituasjonen har ført til stengde fødestover, og fått jordmødrer til å åtvare  fødande kvinner mot å føde i Bergen om helgane.

Endring må til

Finansieringssystemet for fødselsomsorga må endras. I dag er halvparten av finansieringa såkalla «innsatsstyrt». I praksis blir det slik at det er komplikasjonane ved fødsel som då utløyser meir pengar.

For eksempel gir ekstra bløding meir pengar. Å sette inn kateter, gir også ekstra pengar. Men å prioritere jordmorfagleg ressursar, slik at slike komplikasjonar og inngrep kan unngåast, utløyser ingen ekstra midlar.

Sikre kvaliteten i fødselsomsorga

17. mars skal Stortinget behandla  Senterpartiets forslag om å sikre kvaliteten i fødselsomsorga og betre finansieringa av fødeavdelingar og kvinneklinikkar.

I helse og omsorgskomiteen  si innstilling  den 8.mars, får vi ikkje støtte av regjeringspartia, Ap eller Venstre. Bakgrunnen for forslaget er vår store uro for det arbeidspresset som jordmødrer og anna helsepersonell rapporterer om. 

Det er dei fødande kvinnene og mor og barn i barseltida vi fryktar at dette vil gå ut over.

Til toppen