HELDIGVIS IKKJE: – Me ser rundt oss, og spesielt i store byar med stort smittepress, at strenge verkemidlar vert sett i verk for å redusere smittefaren. Heldigvis er ikkje vi der enno, skriv Trygve Skjerdal.
HELDIGVIS IKKJE: – Me ser rundt oss, og spesielt i store byar med stort smittepress, at strenge verkemidlar vert sett i verk for å redusere smittefaren. Heldigvis er ikkje vi der enno, skriv Trygve Skjerdal. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Trygve Skjerdal: – «Så er det påan igjen, påan igjen». Slik tenkjer eg at mange føler det no.

«Eg tillet meg å avslutte med å låne orda til ein god ordførarkollega i ein nabokommune: Hold hovudet kaldt, og hjarta varmt.»

Meiningar: Ei kjend strofe syng ein av våre kjære visesangarar «så er det påan igjen, påan igjen»  Slik tenkjer eg at mange føler det no. 

Etter ein vår med dei strengaste tiltak samfunnet vårt har sett sidan krigen, og etter ei gravis «normalisering» utover sommaren, ser me no at koronasmitten breier om seg igjen, både internasjonalt og nasjonalt. Det er på ingen måte overraskande.

Ekspertisen gjorde oss klar over dette allerede under det første store smitteutbrotet i mars. Som om ikkje det var dystert nok, tok dei til ordet for både denne og fleire smittebøljer. Det ser dessverre ut som at dette er noko me må leve med ei stund til, men me veit at det vert arbeidd på mange frontar for å framstille vaksine som kan hjelpe oss. Mykje godt arbeid vert gjort, men det ser ut til at det fortsatt tek ei stund før vaksinen er tilgjengeleg for dei som treng han.

 Tilfeldigheitar og ein porsjon flaks

Me ser rundt oss, og spesielt i store byar med stort smittepress, at strenge verkemidlar vert sett i verk for å redusere smittefaren. Heldigvis er ikkje vi der enno.

Som ein av, etterkvart, få kommunar er Aurland fortsatt utan registrerte smittetilfeller. Dette er eg nøgd med. Det viser at me har teke utfordringa på alvor, og at me alle har deltek i dugnaden. Både helsepersonell, næringsliv, offentlege etatar, lag og organisasjonar, privatpersonar har skjønt alvoret. Trass godt arbeid må me likevel innsjå at sjansen for å få smittetilfeller i kommunen er stor.

At vår kommune, med stort reiseliv og fleire gjennomfartsvegar, ikkje har hatt smittetilfeller, skuldast også truleg tilfeldigheitar og ein porsjon flaks.

Reiselivet hardt råka

Hardast råka av den nye smittebølja er sjølvsagt også denne gongen reiselivsnæringa vår. Det må opplevast utfordrande og tungt å sjå at driftsgrunnlaget forsvinn, og at utsiktene framover er lite førutsjåelege. Eg veit at hotell og restaurantar td. har tilrettelagd og rigga for julebordsesongen, men no må endre planane sine.

VIL IKKJE SVARTMALE: "Eg skal passe meg vel for å svartmåle situasjonen, men eg oppfordrar alle om å ta godt vare på kvarandre", skriv Trygve Skjerdal. Foto: Arkiv

Mykje godt arbeid og førebuing til ingen nytte. Det er truleg ei mager trøst, men eg har stor forståelse for frustrasjonen mange i næringa kjenner på.

Oppfordringa vert såleis å etterleve styresmaktene sine pålegg og råd. I Aurland har vi ein situasjon som tillet oss, inntil videre, å ikkje setje i verk erstraordinære tiltak. Dette kan endre seg «over natta», men lat oss håpe at me slepp omfattande og langvarige tiltak.

Halde kvardagen så normal som mogleg

Fokus framover må bli å leggje til rette for ein so normal kvardag som mogeleg utfrå den situasjonen me er i.
Mitt store mål er at vi skal klare å beskytte dei utsett gruppene våre, og at barn og unge i barnehage og skule skal få normale kvardagar, og tilgang på naudsynte aktivitetar på fritida. 

Eg skjønnar godt at denne situasjonen vert opplevd ulikt av innbyggjarane våre. Etterkvart er det nok mange som merkar den nye nedstenginga psykisk. Uvisse kring arbeid, økonomi, helsa, familie melder seg, og kanskje sterkare enn elles no fram mot advent og jul. 

Eg skal passe meg vel for å svartmåle situasjonen, men eg oppfordrar alle om å ta godt vare på kvarandre. Dersom du treng hjelp av ulikt slag, -ikkje ver redd for å ta kontakt. 

Eg tillet meg å avslutte med å låne orda til ein god ordførarkollega i ein nabokommune: Hold hovudet kaldt, og hjarta varmt.

Innlegget vart først publisert som ei ytring til innbyggjarane i Aurland på kommunen si heimeside. Det er gjengitt i Porten.no med tilating frå ordføraren. 

Presisering: I innlegget står det at Aurland ikkje har eit tilfelle av korona. Måndag kveld kom nyheita om at ein arbeidsinnvandrer til kommunen er smitta. Innlegget vart publisert tidlegare same dag. 

Til toppen