Måndag ettermiddag var det klart for klubbstemne for Styrkeløftgruppa i IL Jotun i Årdalshallen. Styrkeløftgruppa held to slike stemne i året, på våren og på seinhausten. Ei god gruppe med tilskodarar hadde også funne vegen for å sjå på.
Fin måte å starte
– Dette er ein fin moglegheit for folk som vil begynne med styrkeløft. Me er greie på til dømes tider og oppvarming. Vil du begynne med styrkeløft og etterkvar tek sikte på å konkurrere, kan det vera lurt å begynne med eit klubbstemne som dette for å sjå kva det går ut på, seier Jan Åge Øy i Stryrkeløftgruppa i IL Jotun.
Artikkelen held fram under biletet

Denne ettermiddagen er det fem stykk som skal løfte. Dei kan anten gå for fullt styrkeløft som består av dei tre øvingane knebøy, benkpress og markløft. Det er også mogleg å berre delta i benkpresskonkurranse. Dei har tre forsøk på kvart løft, der det tyngste løftet blir gjeldande.
Avslørar hemmelegheita
– Kva er hemmelegheita bak å løfte tungt?
– Det er mykje rett trening over lengre tid som gjeld. Me kallar det å periodisere treninga med vekter. Det gjeld ikkje berre å løfte tungt, men etter ein tung knebøydag kan du ikkje køyre på med ein tung dag til med knebøy, seier Øy.
Dei som deltek i Styrkeløftgruppa får rettleiing på teknikk og treningsprogram tilpassa styrketrening om dei ønsker.
Artikkelen held fram under biletet

Fullt styrkeløft
Johan Heltne, IL Jotun, løfta ein imponerande serie med 130 kg i knebøy, 90 kg i benkpress og 210 kg i markløft, med utstyr i vektklassa 93 kg. Han er av dei eldste som konkurrerer i styrkeløft i Noreg.
Åge Langeteig, IL Jotun, løfta serien 192,5 kg i knebøy, 170 kg i benkpress og 250 kg i markløft, utan støttedrakt og i vektklassa yngre veteran 93 kg. Han gjorde eitt godt forsøk på 275 kg i markløft, men dette vart diverre ikkje godkjent.
Artikkelen held fram under biletet

Benkpress
Jan Åge Øy, IL Jotun, som løftar i klassa 105kg, deltok berre i benkpresskonkurransen denne gongen. Han løfta 180 kg i utstyrsfri benkpress. Øy prøvde seg 190 kg, men her vart det teknisk bom.

Arve Otto Nundal, IL Jotun, løfta med utstyr og deltok også berre i benkpress. Diverre vart alle forsøka på 160 kg underkjent. Nundal konkurrerer i klassen superveteran 83 kg.
Gjesteløftaren frå Bergen SK, Arild Kråkenes, deltok i benkpress. Han løfta 140 kg utan utstyr. Kråkenes har hatt treningsfri ei stund på grunn av skader, men løfta i klassa 120 kg. Han konkurrerer normalt i klassa 105 kg.
Prøvde seg for moro
Yngstemann på benken var Olav Nundal (16). Han var med berre for moro og deltok ikkje i konkurransane. Etter at han løfta fekk han tips og råd av Geir Reidar Hestetun, som ikkje kunne vera med å løfte i dag. Nundal har også med seg to kompisar, som berre måtte koma å sjå han i det trange antrekket.
Nundal har helde på med styrkeløft for artig sidan i haust. Han har også vore innom treningsformen litt til og frå sidan han gjekk i 8. klasse, for å bli betre i andre idrettar.
Artikkelen held fram under biletet
