VINNAR:  Martin Tungevaag vart overraska med Luttprisen som årets artist heime hjå foreldrene på Stad. (Foto: Erling Wåge)
VINNAR: Martin Tungevaag vart overraska med Luttprisen som årets artist heime hjå foreldrene på Stad. (Foto: Erling Wåge)

Tungevaag vart årets artist

I kveld vart Luttprisane for 2020 delt ut. Martin Tungevaag vart årets artist, Vêrfast vart årets nykommar og Viggo Randal bak Utkantfestivalen vart årets bakom-person.

Det er femtande gongen at Luttprisen heidrar musikklivet i Sogn og Fjordane. Heilt sidan 2006 har prisen vore utdelt kvart år. Til vanleg har det vore store musikkfestar under utdelinga. Men i år gjorde pandemien at prisen måtte finne nye metodar.

 Heilt utan publikum

-Denne gongen har vi reist ut og overraska fleire av vinnarane der dei bur. Så har vi to stått åleine her i den store og tomme salen på Larris scene i Førde og sydd alt saman til eit show. Det gjer denne utdelinga heilt unik, seier programleiarane for showet Stian Sjursen Takle og Svein Inge Bjørkedal.

LEIARANE: Programleiarar for den digitale versjonen av Luttprisen 2020 var Stian Sjursen Takle(t.v) og Svein Inge Bjørkedal. (Pressefoto)

Dei skulle gjerne laga fest saman med publikum og artistar, og håpar at ting endrar seg til neste prisutdeling. Men dei gler seg stort over å likevel ha klart å få til ei prisutdeling i år.

Overraska hjå mamma og pappa

Martin Tungevaag, som vart årets artist, vart overraska i foreldrene sin heim på Stad. Det var redaktøren i avisa Fjordenes Tidende, Erling Wåge, som trappa opp for å overrekke prisen på ein smittetrygg måte. Tungevaag er blant dei største internasjonale stjernene frå Sogn og Fjordane.

Han fekk heile sin internasjonale turne avlyst på grunn av pandemien i 2020. Men han har brukt tida godt både som småbarnspappa og musikar. Han har det siste året gjeve ut store låtar saman med stjerner som CLMD og Rat City.

Låtane har millionar av lyttingar på straumetenester som Spotify. Han er også nominert til Spellemannspris for låta «DANCE,»  og strøymde konsertar både frå toppen av Hoven og frå ein fiskebåt ved Stad i 2020.

Håpar at alt snur
Trioen i Vêrfast vart overraska via eit teamsmøte på scena som årets nykommar. Med konfetti over pc-skjermen vart gjengen heidra, medan dei trudde dei skulle stille til radiointervju.

TRIO: Verfast fekk Luttprisen som årets nykommar i 2020. Verfast er Lene Sørøy Neverdal frå Sunnfjord og brørne Hallvard og Torbjørn Mostrøm. Foto: Kjersti Binh Hegna

-Dette er noko av det kjekkaste som har skjedd det siste året, sa Lene Sørøy Neverdal frå Sunnfjord og brørne Hallvard og Torbjørn Mostrøm frå Gulen i Vêrfast frå pc-skjermen under utdelinga tysdag kveld.

Bandet bur for tida i Oslo, og gav i  2020 ut sin første EP.  VG trilla terningkast fem for singelen «Nok sagt!».

 

Viggo er årets bakomperson
Det nyaste tilskotet til Luttprisen er bakomprisen. Den går til ein person som har gjort ein ekstra innsats for å vise fram og legge til rette for artistane i Sogn og Fjordane. I år gjekk prisen til Viggo Randal. Han har vore ein tydeleg festivalsjef for Utkantfestivalen i tolv år.

OVERRASKA: Viggo Randal vart overraska med Luttpris heime i Gulen som året bakomperson for sin jobb med Utkantfestivalen i Gulen. (Pressefoto)

Han har brukt nesten all si tid på å byggje opp og utvikle festivalen som vert arrangert på ein liten holme ytterst i Sognefjorden. I 2019 sette Utkantfestivalen rekord med totalt 12400 besøkande. No gir Viggo Randal seg i festivalen, men legg ikkje sjul på at han er full av idar for framtidige arrangement.


Tusenvis av røyster
Luttprisane er tre stipend på 25.000 kroner frå eigarstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Vinnaren av bakomprisen kan ikkje bruke prispengane på seg sjølv, men må bruke dei på å fremme nye artistar i regionen.

Det er ein publikumsjury med tusenvis av røyster og ein fagjury med åtte medlemmer som har bestemt kven som får Luttprisane i år. I juryen sit Arnt-Ivar Naustdal, Per Idar Almås, Øyvind Lyslo, Hilde Hegrenes , Ivar Bruvik Sætre, Elise Hessevik, Lise Lydersen og Pål Fidjestøl.

Til toppen