SUPERVETERAN: Marianne Hestetun spelte ein knallgod kamp mot Kjøkkelvik, og vart kveldens toppscorar. Foto: Fredrik Strømsnes
SUPERVETERAN: Marianne Hestetun spelte ein knallgod kamp mot Kjøkkelvik, og vart kveldens toppscorar. Foto: Fredrik Strømsnes

Tungt tap for Jotun

Etter kveldens tap mot Kjøkkelvik er det ikkje meir Jotun kan gjere for å sikre plassen sin i 2.divisjon.

Jotun - Kjøkkelvik 20-29

I kveld gjekk den omstridde kampen mellom Jotun og Kjøkkelvik av stabelen i Årdalshallen.

Laget gjekk i kveld på sitt tolvte strake tap, trass i storspel av superveteran Marianne Hestetun.

Trass i godt spel gjennom heile kampen nådde dei diverre ikkje heilt opp, og Jotun sitt von om å halde fram i 2.divisjon neste sesong heng no i ein tynn tråd.

Hang ikkje heilt med
Kampen var ikkje meir enn tre minuttar gamal før Marianne Hestetun opna kampen med heimelaget sitt fyste mål. Like etter reduserte Kjøkkelvik, og sette inn fleire kjappe mål. Etter sju spelte minuttar hadde bortelaget ei firemålsleiing.

Heimelaget nekta likevel å gi opp vonet om å framleis spele i 2.divisjon neste år, og Marianne Hestetun og Heida Arsenault sette inn fleire viktige mål for dei grønkledde. Halvvegs ut i fyste omgang tok heimelaget innpå, men nådde aldri heilt opp.

I siste tredjedel av omgangen rykka Kjøkkelvik ifrå. Fleire angrepsfeil og mangel på spelarar som jobba heim i forsvar frå heimelaget si side, samt mange gode kontringar frå Kjøkkelvik gjorde til at laga gjekk til pause med stillinga 11 - 16 i favør av bortelaget.

Nådde ikkje opp
Dei siste 30 minuttane vart opna med godt spel frå begge lag, to lag som fulgte kvarandre tett. Jotun opna spesielt sterkt og var det laget som sette inn flest mål i fyste tredjedel.

Med 15 minuttar att på klokka sette superveteran Marianne Hestetun inn nok eit mål for heimelaget, sytte for at bergensarane ikkje hadde meir enn ei tremålsleiing. Hestetun storspelte i Årdalshallen i kveld, og fekk fortent prisen som banas beste spelar.

På same måte som i fyste omgang rykka Kjøkkelvik frå slitne Jotunspelarar i siste tredjedel. Dei raudkledde frå Bergen sette inn fleire kjappe mål, og med fem minuttar att av kampen var stillinga 19 - 27 i favør av bortelaget. Det var eit nedtrykt Jotunlag som gjekk av parketten etter 60 minuttar på parketten, med stillinga

Ligg nært nedrykk
Dersom Viking med tidlegare Jotun-spelar Rebecca Brun Steinheim på laget unngår nedrykk frå 1. divisjon, og Førde eller Fyllingen rykker opp, vil Jotun halde seg. Dersom Viking rykker ned, tyder det at også Jotun må spele i 3.divisjon neste år.

Jotun har difor ei spanande helg i møte, trass i at dei sjølv ikkje skal entre parketten. Likevel er Sveinsson ærleg om stoda i klubben og tenker framover også.

– Me har ei stor utfordring til neste år også, for då er det berre åtte lag som beheld plassen sin i divisjonen. Om me kan jubla no, blir utfordringa endå større neste år. Me må gjera jobben vår i mange andre andre samanhengar innanfor klubben for at me ikkje skal stå i fare for å rykke ned neste år også.

Ein mykje omstridd kamp
Jotun fekk i utgangspunktet støtte frå Region Vest då Kjøkkelvik ikkje møtte til kamp i januar, og dei tildelte dei raude og grøne sigeren. Dette blei seinare prøvd for Handballforbundet, som også støtta Jotun før Appellkomiteen gjorde om avgjersla.

Etter at Appellkomiteen gav Kjøkkelvik medhald i anken, måtte den mykje omtala kampen mellom Jotun og Kjøkkelvik spelast på nytt. Sidan klubbane ikkje blei einige om ny dato, måtte Region Vest setje nytt kamptidspunkt til 26. mars – det einaste tidspunktet omkampen kunne spelast for Jotuns del.

– Det er positivt at regionen har funne fram til at det var riktig å sette kampen på denne datoen, seier Sveinsson.

Jotun stilte med følgjande lag:
Henriette Forthun, Nina Jevnaker, Lene Kvam Høsøien, Malin Øyre, Kristina Furebotn, Marianne Hestetun, Guro Undi, Heida Arsenault, Linn Therese Kristiansen, Ida Jevnaker, Linn Lægreid Løvdahl og Karoline Furebotn.

 

Til toppen