TRAFIKKUHELL: Tunnelen vart stengd etter uhellet.
TRAFIKKUHELL: Tunnelen vart stengd etter uhellet. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Førar til sjukehus for sjekk etter at personbil køyrde i tunnellveggen

Politiet opprettar sak etter trafikkulukke i Luster. Vegen er no open att.

Luster: Klokka 15:34 melde politiet at ein bil hadde køyrt i fjellveggen i Røneidtunnelen i Luster. 

– Èin person i bilen. Lettare personskade. Ingen fastklemt, skriv dei på Twitter.

Ifølgje politiet var naudetatane på staden klokka 14:48. Tunnelen vart stengt ein periode etter ulukka. Tre kvarter seinare melde vegtrafikksentralen at vegen er open for fri ferdsel.

Klokka 16:21 opplyser politiet at naudetatene har avslutta på staden.

– Førar av bil frakta til sjukehus med ambulanse for ein sjekk. Framstod ikkje alvorleg skadet. Me oppretter sak på hendinga, skriv dei.

Har du tips eller bilete? Send på tekstmelding til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen