STENGT: Eit vognttog har teke oppi taket i Flenjatunnelen.
STENGT: Eit vognttog har teke oppi taket i Flenjatunnelen. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Tunnelen opna etter utviding i januar, i dag tok ein lastebil oppi taket

– Ikkje mogleg med eit normalt køyretøy, med normal køyring, seier avdelingsdirektør i vegvesenet.

Aurland: Flenjatunnelen i Aurland vart tysdag stengt etter at eit vogntog tok oppi tunneltaket. Ein dryg halvtime etter kom meldinga om at tunnelen vart opna att.

Den fem kilometer lange tunnelen vart sist oppgradert på tampen av fjoråret. Mellom anna vart det sprengt fleire stadar, for å auka breidda og høgda på han.

– Anten har lastebilen vore altfor høg, mykje høgare enn han har lov til å vera, eller så har han køyrt utanfor vegen, for å komma oppi, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Ikkje store skadar

Han er på ferie, og ikkje har fått med seg den konkrete hendinga, men utelukkar at det kan vera snakk om eit normalt køyretøy, med normal køyring.

Heller ikkje vegtrafikksentralen har detaljar om korleis uhellet skjedde. Dei sende raskt ut entreprenøren, som kunne konstantera at skadane i tunneltaket ikkje var spesielt store.

– Det vil bli sett på igjen seinare i kveld, når det er mindre trafikk, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm.

Kan bli mat for politiet

Ifølgje politiet tilhøyrte lastebilen eit norsk firma. Dei vurderer no om dei skal forfølgja saka.

– Me har prøvd å få kontakt med transportøren, men ikkje lukkast enno. Me har registreringsnummeret, i det minste på hengaren, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen