Indre Sogn: Det fortel seksjonsleiar i Statens vegvesen, Øyvind Haaland, i ei pressemelding. Onsdag denne veka sluttar NRK å sende på FM-nettet i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
Frå den dagen er det berre DAB som gjeld dersom ein vil høyre NRK-kanalane. I september følgjer også andre kanalar som Radio Norge, P4 og dei fleste lokalradioar etter.
– Sjølv om det er fleire tunnelar med DAB-system enn FM-nett, betyr ikkje det at alle tunnelar har utstyr til formidling av radiosignal. Dekninga er likevel betre, og meir kjem etter kvart som ei rekke tunnelar vert rusta opp, fortel Haaland i Statens vegvesen.
Han har ein hugseregel til dei som lurer på kva tunnelar som no har DAB-dekning.
– Alle tunnelar som hadde FM-system formidlar no den nye sendesystemet, seier og legg til at kva system radiokanalane sender på er eit val dei har tatt sjølve.