SETT PÅ VENT: Oppgraderinga av Finnsåstunnelen er utsett inntil vidare grunna usemje om tildelinga av kontrakten.
SETT PÅ VENT: Oppgraderinga av Finnsåstunnelen er utsett inntil vidare grunna usemje om tildelinga av kontrakten. (Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv)

Tunnelarbeid kan bli utsett i over eitt år grunna anbodskrangel

Dom frå tingretten får konsekvensar for oppgraderinga av tre tunnelar i Årdal.

Årdal: Sjølv om rogalandentreprenøren Bertelsen og Garpestad leverte det billigaste tilbodet, var det Flage Maskin som i desember fekk oppdraget med å oppgradera Finnsåstunnelen (2412 meter), Steggjatunnelen (1549 meter) og Kolnostunnelen (658 meter) i Årdal.

Etter planen skulle arbeidet ha teke til før sommaren, men no er heile prosjektet sett på vent.

Rogalendingane klaga nemleg på tildelingsvedtaket, og no har Bergen tingrett forbydd Vestland fylkeskommune å inngå kontrakt med Flage Maskin inntil saka er avgjort i rettsystemet, skriv nettstaden Veier24.no.

Bertelsen & Garpestad vart avvist frå konkurransen på grunn av manglande kvalifisering, noko selskapet ikkje var samd i. Avgjerda betyr at oppgraderingane blir utsette i beste fall i ni månader, i verste fall i femten. Det vil óg føra til ekstra kostnader.

Til toppen