Luster: – Siste arbeidsdag i Ottatunnelen var i går, stadfestar Marius Råve, på vegtrafikksentralen.
Dei to andre tunnelane, Råumtunnelen og Røneidtunnelen har sin siste arbeidsdag før påske i dag, og natt til i morgon.
– Det betyr at det er opent for fri ferdsel gjennom heile palmehelga og heile påskeveka, fram til 2. påskedag, seier Råve.
Påsketuristar kan ferdast fritt
Då kan lustringar, påsketuristar, og andre kan ferdast fritt på vegen langs Lustrafjorden og heilt opp til Sognefjellet, som opnar i morgon fredag før palmehelga, gjennom heile påska.
I Røneidtunnelen har det vore nattestengt med gjennomkøyring kvar heile time etter klokka 20:00 fram til 23:00. Etter dette har det vore gjennomkøyring klokka 02:30, 04:00, og 05:00.
– Arbeidet her startar opp att klokka 20:00 på måndag, 2. påskedag.
Startar opp att tysdag etter påske
Dei to siste tunnelane, Ottatunnelen og Råumtunnelen startar opp att arbeidet dagen etter, på tysdag. Tidene for gjennomkøyring er dei same som før.
– Men Ottatunnelen skal berre vera stengt tysdag denne veka, medan Råum er ut veka, opplyser Råve.
Alle tunnelane har vedtak til 5. juli 2019, men Råve seier at det ikkje er sikkert enno om alle tunnelane vil halde fram med arbeidet til denne datoen.