NAUDETATAR: Alle dei 13 involverte personane i brannen i Fjærlandstunnelen i natt kom ut og hadde fått i seg røyk. Dei vart frakta til Førde sentralsjukehus. Illsutrasjonsfoto
NAUDETATAR: Alle dei 13 involverte personane i brannen i Fjærlandstunnelen i natt kom ut og hadde fått i seg røyk. Dei vart frakta til Førde sentralsjukehus. Illsutrasjonsfoto

Tunnelbrannen: Helse Førde har oppretta pårørandesenter

Dramatikk i natt.

Sogndal: Litt før midnatt natt til tysdag twitra politiet at ein feiebil som vart nytta til arbeid inne i Fjærlandstunnelen hadde teke fyr om lag ein kilometer inne i tunnelen frå jølstersida. Situasjonen var uoversiktleg og naudetatane var på plass, heitte det i meldinga.

Seinare på natta kom meldinga om at ei kolonne med leiebil var på veg gjennom tunnelen frå Jølster mot Sogndal då brannen starta. I kolonna var det ein tankbil og seks personbilar, i tillegg til leiebilen.

Lettare skadde og stabile

Etter kvart vart det klart at 13 personar hadde kome seg ut av tunnelen. Finsøk vart gjort, og ingen personar var sakna. Bilane stod att inne i den vel seks kilometer lange tunnelen. Alle dei 13 vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse og Sea King. Samtlege hadde pusta inn røyk, stadfester ei pressemelding frå Helse Førde.

– Dei er lettare skadde og stabile. Det er snakk om røykskadar. Vi har tatt blodprøver og vurdert oksygeninnhald i blodet. Alle er lagt inn for observasjon over natta, seier overlege ved Førde sentralsjukehus, Mona Skivenesvåg Løvø til NRK.

Statens Vegvesen melder at det er omkøyring via rv 55 Sogndal-Hella og fv 55 Dragsvik-Vadheim ettersom rv 5 er stengt ved Fjærlandstunnelen på grunn av opprydningsarbeid etter brannen.

I pressemeldinga frå Helse Førde går det fram at med seks bilambulansar, redningshengar og luftambulanse vart iverksett i samband med branne. I tillegg til ekstra mannskap i ambulansetenesta og på AMK, blei det det også kalla inn ekstrapersonell i akuttmottaket, laboratoriet, sentralbord og kjøkkenet. Også psykososialt kriseteam blei mobilisert.

Helse Førde har oppretta eit telefonnummer som pårødande kan ringje. Dette nummeret er 57 83 17 00. Det blei også oppretta eit pårørandesenter ved Førde sentralsjukehus, heiter det vidare i pressemeldinga.

Til toppen