FINNSÅSTUNNELEN ER IKKJE I SKVIS: Det er vinkelen på dette biletet som får tunnelen til å sjå nokså skadd ut. I røynda er sjølve tunnelen i god stand. (Bilde: Eivind Hellesund, Vest PD)
FINNSÅSTUNNELEN ER IKKJE I SKVIS: Det er vinkelen på dette biletet som får tunnelen til å sjå nokså skadd ut. I røynda er sjølve tunnelen i god stand. (Bilde: Eivind Hellesund, Vest PD)
(Bilde: Eivind Hellesund, Vest PD)
(Bilde: Eivind Hellesund, Vest PD)

Tunnelen opnar ikkje i det heile teke laurdag 

Det aller tidlegaste moglege scenarioet for ei dels opning av tunnelen er i overimorgon, sundag. 

– Me lyt rydda ned ein del skog og lausmassar i rasløpet laurdag og dels på sundag. So får me vurdere kor langt me kjem sundag og sjå om me får til ei delvis opning av Finnsåstunnelen, seier Jan Erikstad i Statens Vegvesen.

Han seier det tidlegare var snakk om at ein kanskje fekk til å late bilane passere vegen i eitt køyrefelt om gongen alt i dag, men at det no ikkje lenger er på tale. 

Når tunnelen fyrst opnar, vil han truleg fyrst opna delvis med eitt køyrefelt, slik at bilar frå dei to køyreretningane vert guida gjennom tunnelen etter tur. 

Nils Solheim i Tide Buss fortel til Porten.no at dei jobbar med å klarstilla dei nye bussrutene for laurdagen, og at dei vil liggja føre på heimesida til Kringom.no klokka 15.00.

Til toppen