PLASTER PÅ SÅRET: Sidan Fjærlandstunnelen er stengt etter brannen tysdag, valte mange av foreldra å trekke ungane sine frå barneturnstevnet i Måløy. No har turngruppa i IL Jotun kome opp med eit fint plaster på såret. Foto: Privat.
PLASTER PÅ SÅRET: Sidan Fjærlandstunnelen er stengt etter brannen tysdag, valte mange av foreldra å trekke ungane sine frå barneturnstevnet i Måløy. No har turngruppa i IL Jotun kome opp med eit fint plaster på såret. Foto: Privat.

Tunnelen stoppa turnarane – køyrer oppvisning på heimebane

Sidan Fjærlandstunnelen er stengt etter brannen tysdag, valte mange av foreldra å trekke ungane sine frå barneturnstevnet i Måløy. No har turngruppa i IL Jotun kome opp med eit fint plaster på såret.

Øvre Årdal: Denne helga går det årlege barneturnstevnet i Sogn og Fjordane av stabelen i Måløy etter at Jotun arrangerte det tilsvarande stevnet i fjor. 

Etter planen skulle IL Jotun ha med seg ein tropp på 80 turnarar til Måløy, men sidan Fjærlandstunnelen er stengt etter brannen tysdag, ville omkøyringa blitt veldig lang.

– Då var det fleire av foreldrene som valte å trekka ungane sine frå turen. Jotun sat difor att med for få turnarar til å kunne reise og gjennomføre dei innøvde programma som dei har øvd på dei siste månadane, forklarar Sofie Moen i turngruppa til idrettslaget.

Oppvisning på heimebane

Ungane hadde gleda seg stort til å delta og har trent i lang tid. Difor har idrettslaget no kome opp med eit lite plaster på såret.

– Me kjem til å visa fram troppane våre til heimepublikum i helga og inviterer difor til oppvisning i Årdalshallen laurdag ettermiddag, seier Moen.

– Turngruppa håpar årdølene støttar opp og vil vera med på å gi turnarane våre den oppslutnaden dei fortener etter all innsatsen dei har lagt ned på trening fram mot dette stevnet.

Etter oppvisninga vert hallen opna for alle slik at både unge og vaksne kan prøve seg på turnmattene. På kvelden vert det også arrangert diskotek på Bakeriet for ein del av ungane, også dei som ikkje er med i turngruppa.

Både Årdalstangen og Sogndal deltek og skal ha oppvisning i Måløy.

Til toppen