Aurland: Like etter klokka 17.00 vart Gudvangatunnelen stengt etter at Vegtrafikksentralen hadde fått inn melding om bilbrann. Då brannvesenet ikkje lenge etter køyrte gjennom tunnelen for å sjekke, viste det seg å vere langt mindre dramatisk.
– Ingen røyk. Ingen brann. Moglegvis snakk om vassdamp - eit klimatisk forhold, er konklusjonen politiet vidarebringer får synfaringa.