KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om tunnelarbeid og cruiseturistar.
KVARDAGSKJENSLA: I denne veka si spalte handlar det om tunnelarbeid og cruiseturistar. (Montasje: Linda Watten/Karoline Skarstein)

KVARDAGSKJENSLA

Tunnelfrustrasjon: – Er me som bur i grisgrendte strøk molbuar?

Dei siste vekene har eg lurt litt på noko.

Luster: Det har seg nemleg sånn at eg bur inst i Sognefjorden, på Skjolden. Det har seg òg sånn at Statens vegvesen har bestemt at dei skal oppgradera tre tunnelar på strekninga Skjolden-Hafslo.

Det er flott det altså, ingenting er betre enn sikkerheit, men det er noko som er litt dumt med det heile.

Dei jobbar i alle tre på ein gong.

To timar til Sogndal 

Fyrst sa dei at dei skulle halda på til jul, og no er det snart jul. Men no er det kome kontrabeskjed. Dei skal halda på til fellesferien i 2019. Altså sju eller åtte månader til med tunnelarbeid og venting i kø.

Per no opnar fyrste tunnelen frå Skjolden kvar heile time, så køyrer me bånn gass til neste som er open kvar halve time, og den siste, som tidlegare har vore nattestengt, må me no køyra vidare til for å nå på neste halvtime.

Det betyr at om eg må til Sogndal, noko både eg og andre på Skjolden ofte må og vil, så må me bruka nærmare to timar på turen som vanlegvis ville teke rundt femti minutt.

Det tykkjer eg er litt kjipt.

Er me molbuar? 

Og det er då eg undrar meg litt på om nokon der ute trur at me som bur inst i fjorden er molbuar?

Kva er eigentleg ein molbu, tenkte eg så. Eit kjapt søk på Internett synte meg at ein molbu er ein person frå Mols i Jylland i Danmark.

Men det kan jo umogleg vera difor me brukar dette utrykket tenkte eg.

MOLBU: Definisjon på ein molbu i følge synonymordboka. Foto: Skjermdump/Synonymordboken

Synonymordboka fortalde at molbu er det same som ein dompapp. Eller ein person som gjer ting som bryt med all logikk.

Vidare synte Nynorskordboka at ein molbu, altså ein person frå Mols, er ein dum, klønete, og trongsynt person frå ein avkrok. 

Min definisjon av molbu blir dermed «ein person som bur så avsides at utanomforståande tykkjer det bryt med all logikk.»

Nett som cruiseturistane? 

Og då slo det meg, at kanskje desse tunnelfolka tenkjer litt slik som cruiseturistane som kjem til Skjolden?

For dei trur nemleg me er nokre molbuar. I høg grad.

Eg har jobba som guide for desse cruiseturistane i snart åtte år. Eg har fortalt dei om Wittgenstein, Grieg, Ibsen, Sognefjellet, Urnes, Jostedalsrypa, og mykje meir. Eg har prata om livet i Luster, korleis me jobbar, og korleis me bur.

Som oftast høyrer dei etter med stor interesse. Dei er overvelda av naturen og landskapa, dei tykkjer det er både «marvellous», «amazing», og «fantastic». Dei jublar når dei ser ein bonde frå vindauga på bussen, og dei knipsar vilt når me køyrer forbi sau og skotsk høglandsfe.

Turistar med stort engasjement 

Den minste foss kan gjera dei store i augene, og når me entrar Urnes Stavkyrkje må eg nesten tvinga dei tilbake i bussen. Me kjem for seint tilbake til skipet både ein og tre gonger, for dei fyk til alle kantar så fort eg seier me skal ta bilete av noko.

Ein gong såg eg faktisk at eine turisten min tok bilete av ein daud løvetann. Han var heilt i ekstase.

Det finst altså ikkje grenser for kva som fascinerar cruiseturistane, og ikkje minst: det finst ikkje grenser for kva dei spør om.

Trur livet stoppar opp om vinteren 

Og det er her eg kanskje kan dra nokre parallellar til at dei trur me er molbuar.

For i løpet av åra har eg fått nokre spørsmål som tyder på at me innom Gaupne slett ikkje har noko liv. Av og til skjønar eg ikkje korleis me greier å overleva i det heile.

«Kva gjer du når det er vinter?»

Det spørsmålet kjem nesten kvar gong. Eg har fortalt om snøen og isen som kjem, og at skulane ikkje gjev elevar fri grunna ein centimeter med snø, slik som i USA. Her kan det koma ein til to meter og likevel må me kava oss ut døra.

«Stoppar det berre?» spør dei. Om vinteren.

«Kva stoppar?» undrar eg.

«Livet dykkar? Kva gjer de på?»

«Me jobbar og går på skule slik som ellers. Ingenting stoppar, livet går sjølv om det er vinter» svarar eg, noko sjokka.

Men den som blir mest sjokka er dei som får svaret mitt. Dei ser på meg med store auge.

«Wow, verkeleg?» svarar dei. Heilt sinnsjukt imponerte over oss bygdefolk, eller molbuarar. Som overlever i grisgrendte strøk om vinteren.

«Men korleis kjem de dykk ut herifrå? Når fjorden er full av is?» spør ein annan.

«Me køyrer bil. Me har jo vegar. Me køyrer på desse vegane om vinteren òg» svarar eg, og siktar til dei smale vegane som dei knapt torer sjå på når me køyrer buss.

»VERKELEG?!» utbryt dei. Dei ser på kvarandre og er mektig imponerte.

Tenk at me kan køyra bil på vegen når det er vinter. Dei trur det knapt.

For nokre vikingar me er. Skikkeleg hardnakka vikingar.

Ventar på opne tunnelar og nye turistar 

Og så sit eg att etter enda arbeidsdag og tenkjer at det er ingen tvil. Cruiseturistane trur me er molbuar. Dei trur ikkje me har eit liv utanom tunnelane. Dei trur livet stoppar litt opp her inne, berre fordi me bur heilt inst i fjorden. Og fordi det kjem snø.

Og det må jo vera noko slikt tunnelfolka trur òg. Har ikkje dei meir innsikt i kvardagen til me som bur her enn det cruiseturistane har? Det verkar ikkje sånn. 

Så då konkluderar eg med at cruiseturistar og Statens vegvesen er litt like.

Så medan eg ventar på nye spørsmål frå cruiseturistane kan eg bruka tida mi på å finna nye svar til dei. Tid har eg trass alt mykje av no når eg skal venta to timar i kø kvar gong eg skal ut av bygda – heilt fram til cruiseturistane vender attende.

Til toppen