BOM STOPP: Køen av bilar som skal over fjorden mellom Mannheller og Fodnes var framleis lang klokka 13.17.
BOM STOPP: Køen av bilar som skal over fjorden mellom Mannheller og Fodnes var framleis lang klokka 13.17. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Store køar på ferjesamband etter tunnelstenging, Vegvesenet: – No er køane løyst 

Ei laus plate i vegbana sørga for at Amlatunnelen vart stengt i halvannan time. Fire timar seinare er det framleis lange køar på staden.

Kaupanger: Det tok seks timar før trafikkorken vart løyst, etter Amlatunnelen vart stengd klokka 11 måndag føremiddag.

Det vart danna store køar over ferjesambandet Mannheller-Fodnes, og vegvesenet sette i gong manuell dirigering på staden. 

– Vegvesenet heldt fram med manuell dirigering til klokka 17:30. Det var mykje trafikk på ferjekaia på Mannhellersida grunna ombygginga. No er køane løyst, seier John Andreas Omdal, trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen til Porten.no. 

Stengd grunna plate i vegbana

Klokka 15:18 var det framleis manuell dirigering og lange køar for å koma ombord på ferga, både på Mannheller og Fodnes.

Like etter klokka 11.00 måndag føremiddag vart Amlatunnelen stengd. Ein bilist hadde meldt frå til Statens vegvesen at ei større plate låg i vegbana omlag 300 meter inn frå sogndalssida.

DIRIGERING: Måndag ettermiddag er det manuell dirigiering før Amlatunnelen. Trafikkantane slepp gjennom i puljer, og for kvar stenging byggjer det seg fort opp ny kø.    Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det gjekk noko tid før entreprenøren var på staden, fekk fjerna gjenstanden og befart tunnelen, seier Kjetil Løvås i vegtrafikksentralen klokka 12.32.

Amlatunnelen ligg rett før det sterkt trafikkerte ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes.

Grunna anleggsarbeid på Mannheller er det i tillegg avgrensa kapasitet på ferjekaia. Før tunnelen vart opna att i 12.30-tida, hadde det hopa seg opp lange køar av bilar som skulle over fjorden. 

– Det er ganske stor pågang på fergesambandet, så bilistar må framleis rekna med noko ventetid, sa Løvås klokka 15.18.

Til toppen