VENTING: Frå onsdag til fredag denne veka skal det gjennomførast tunnelvask i Fodnestunnelen, noko som vil gje 15 minuttar med venting. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
VENTING: Frå onsdag til fredag denne veka skal det gjennomførast tunnelvask i Fodnestunnelen, noko som vil gje 15 minuttar med venting. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Tunnelvask i Fodnestunnelen

Difor må du rekne med ventetid på denne strekninga frå onsdag.

Årdal/Lærdal: Frå onsdag denne veka det gjennomførast vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen på riksveg 5. 

Årsaka er at det onsdag til fredag skal vera tunnelvask. Det er manuell dirigering på staden, og trafikantar må rekne med 15 minuttar ventetid.

Vedlikehaldsarbeidet skal altså gjennomførast frå 07.00 onsdag til fredag. Dei driv på fram til 20.00 kvar av desse dagane.

Elles er det gode køyreforhold på fjellovergangane. Over Filefjell og Hemsedalsfjellet vert det meldt om enkelte glatte parti, men elles fine forhold.

For fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal vert det derimot meldt om bar veg. 

Til toppen