Turar for ein kvar smak

Årdal: Støls- og topptrimmen er 20 postar som står ute i tre år om gongen. Desse postane er litt meir krevjande og lengre enn dei som står rundt nær sentrum. Her er det turar frå 2-3 timar til heile dagsturar. 

Postane finn ein på stølar, vatn og i fjellområde rundt Årdal. Tek du alle postane får du sett store delar av kommunen, og får besøkt lokale stølar.

Turprogrammet finn du her.

Årdal Turlag står bak desse postane, og har ein komitè som vel ut turmål og organiserer dei. Postkasser vert sett ut i løpet av våren og sommaren 2016, og står til 2018.

Korleis bli med?

Leiar i Årdal Turlag, Kristin Hestetun, fortel følgjande:

– Me legg ut eit skjema med alle postane til støls- og topptrimmen, som me sel både til vaksne og ungar. På facebook eller på nettsida vår, finn du informasjon om kvar du får tak i skjemaet. Dei som leverer inn att hausten 2018, får premiar dersom dei har gått 10, 15 eller 20 postar. Me har ganske fine premiar, så det lønner seg å levere inn igjen!

Kven er turane for?

FOR ALLE: Turane er for den som vil gå dagstur, eller den som vil gå litt kortare turar.
FOR ALLE: Turane er for den som vil gå dagstur, eller den som vil gå litt kortare turar.

Turane er for den som ynskjer å gå lengre, og er klar for litt meir utfordringar. Nokre av turane er godt merka og har gode stiar. Andre krev kart og kompass, og kan vere krevjande i ulendt terreng.

– Litt av målet er at det skal vere turar for dei fleste målgrupper. Om du ikkje klarar alle, så er det likevel eit kjekt program å vere med på. 

– I forrige periode var det veldig bra opplsutnad, då omkring 60 personar leverte inn skjema og fekk premie. Det var omtrent dobbelt så mange som hadde kjøpt skjema. Me i Årdal Turlag håpar det blir like bra oppslutnad denne perioden.

Tjuvstart

Leiaren legg til at dei skal prøve å arrangere fellesturar til alle postane i løpet av perioden. Årdal Turlag tjuvstarta allereie i April då dei gjekk til Hjelledalsvatnet. Hjelledalsvatnet er ein av dei nye postane som vert sett opp i turprogrammet. Turlaget beskriv turen slik:

– Til saman var me 10 stykker som fylgde turleiar Anders Lindborg opp bakkane i Mannsbergi. Derifrå rann me ned på Mannsbergvatnet og vidare til Vasspollane. 

– Etter vel to og ein halv time var det godt med matpause og ein kvil ved fiskehytta i Vasspollane. Vidare gjekk turen til Hjelledalssmoget og ned Hjelledalen. 

– Ned mot Vettismorki svinga me oss mellom trea, før me tok skia på sekken og forstette ned til Vetti. Etter siste transportetappen frå Vetti heimatt til Hjelle, kunne me notere oss  30 kilometer og  9 timar på tur i godt skiføre.

 

 

Til toppen