TRØTTE TRYNER: Dagen derpå og dei to turkameratane er klare for å møta ein ny studiedag.
TRØTTE TRYNER: Dagen derpå og dei to turkameratane er klare for å møta ein ny studiedag. (Privat)

Turbloggen: Bli med på grottetur i Sogndal

Du treng ikkje alltid reisa så langt for å komma deg ut på eventyr.

Sogndal: Me lever alle i ein hektisk kvardag med gjeremål og tidspress. Likevel er det viktig å unna seg sjølv eit lite pusterom. Med spente nerver og tusener av gjeremål, kan ein liten tur ut løfta på stresset og gjera godt for sjela.

INNGANGEN: Inngengen til grotta er ikkje heilt enkel å få auge på, så du bør vita kvar du skal leita.
INNGANGEN: Inngengen til grotta er ikkje heilt enkel å få auge på, så du bør vita kvar du skal leita. Bilde: Privat

Korleis ein vel å få inn litt friluftsliv i kvardagen er opp til kvar enkelt. Då me såg me hadde litt tid torsdag morgon før skulen byrja, la me ein plan om å overnatta utandørs. Tidlegare på året hadde eg (Daniel) oppdaga ei hole i ein fjellvegg då eg etaberte ei ny klatrerute på Ølnes ved Kvam. Ruta heiter Yokebe og hola ligg rett til venstre for den.

Klokka hadde rokke å bli 19.30 før me fekk pakka bilen og køyrt avgarde. Me fant inga parkering, så me spurte ein hyggjeleg mann som ga oss lov til å parkera utanfor huset sitt for natta. Ettersom eg berre hadde vore der èin gang før i lyse omgjevnader, skulle det visa seg å ikkje vera lett å finna fram. Det regna og var kaldt og tanken på å krypa inn i ein varm sovepose vart betre og betre for kvart minutt som gjekk. Me følgde nokre tydelege hjortespor og såg nokre glinsande auge i bekmørkret før dei forsvann. Etter førti minutt med surring og knoting i ulendt terreng fann me fram til hola.

Turbloggen:

I denne bloggserien følger me to høgskulestudentar som elskar å vera ute i friluft. Her vil dei dela opplevingane med deg og gjerne læra vekk ein ting eller to i same slengen.

Daniel Green er 21 år, kjem frå Oslo og studerer Natur- og opplevingsbasert reiseliv. Han ønskjer ein dag å starta opp eller ta del i ei guida friluftslivbedrift. Interessene er ski, klatring og generelt alt som har med utandørs friluftsliv å gjera.

Ole Fredrik Arneber er 21 år, kjem frå Oslo og studerer friluftsliv. Han flytta hit då han innsåg at livet ikkje handlar om å sitta inne på ein lesesal og rekna matte, men heller å vera ute og faktisk leva. Han liker det meste av uteaktivitetar, men om han må velga to er det ski og klatring som er dei gøyaste.

Etter å ha fortalt Offe om hola på førehand, hadde han sett for seg ei med god plass under taket, noko det ikkje var... Hola strekker seg omlag fem meter inn, er omlag seksti centimeter under taket og har ein heilt flat botn. Totalt var det rundt tretti kvadrameter i hola å ligga på. Romsleg for dei som ikkje får klaustrofobi, altså.

Det var ikkje vanskeleg å sova, då det var bekmørkt og soveposen god og varm. Offe hadde time klokka 10.15, så me var tidleg oppe på torsdag for å eta frukost og komma oss ned til bilen igjen. På veg heim såg me at me hadde gått i sirklar på veg opp dagen før, men det var heldigvis lett å finna vegen tilbake ned til bilen i lyset og me rakk akkurat skulen før han starta.

Du føler deg mykje klarare i hovudet etter ei natt utandørs og det kjennest godt å få til ei lita utflukt sjølv om me begge har ein hektisk kvardag til vanleg. Det var herleg å til ein siste tur saman før me begge tek juleferie og reiser vekk frå kvarandre. I jula skal Offe til Spania for å klatra og eg reiser til USA for å stå på ski.

God jul, så snakkast me på nyåret!

KLAUSTROFOBISK: Utsikt fra innsida av hola. Her ser du kor lågt det er under taket.
KLAUSTROFOBISK: Utsikt fra innsida av hola. Her ser du kor lågt det er under taket. Bilde: Privat
Til toppen