TURKAMERATAR: Ole Fredrik Arneberg og Daniel Green kombinerer teltliv og topptur. Men berre når det er trygt.
TURKAMERATAR: Ole Fredrik Arneberg og Daniel Green kombinerer teltliv og topptur. Men berre når det er trygt. (Privat)

Turbloggen: Slik sjekkar du om snøen du ferdast på er trygg

Bli med to høgskulestudentar på skitur til Jostedalen og lær korleis du sjølv kan sjekka når det er trygt å ferdast ute i fjellet.

Turbloggen (Jostedal): No har snøen endeleg kome tilbake for fullt og det er garantert fleire enn Daniel og meg (Offe) som er glade for det. Men, med heftige snøfall kjem òg skredfare, noko me verkeleg fekk kjenna på ein topptur i førre veke.

HENDIG UHELL: Litt utfordringar må ein rekna med når ein legg ut på eventyr.
HENDIG UHELL: Litt utfordringar må ein rekna med når ein legg ut på eventyr. Privat

Då kollapsa eit heilt snølag under oss og me høyrte det drønna som dynamitt. Av den grunnen følte me at me måtte vera ekstra forsiktige då me reiste på telttur til Jostedal førre helg.

Stilla på fjellet

Me køyrde frå Sogndal litt over 19.00 laurdag kveld og forventa eit snødump utan like. Det var forsåvidt rett det, berre synd det var bilen vi dumpa i snøgrøfta. Heldigvis var det nokre snille skikøyrarar som leikte seg med kveldskøyring som kunne redda oss.

Førtifem minutt etter at me sette oss fast kunne me endeleg ta skia fatt. Sidan me hadde vore i området eit par dagar tidlegare, visste me heldigvis akkurat kor me skulle setta opp teltet, så me slapp å leita etter ein plass i mørkret.

Turbloggen:

I denne bloggserien følger me to høgskulestudentar som elskar å vera ute i friluft. Her vil dei dela opplevingane med deg og gjerne læra deg ein ting eller to i same slengen.

Daniel Green

Eg er 21 år og kjem frå Oslo. Studieretninga eg går er Natur- og opplevingsbasert reiseliv. Eg studerer dette fordi eg vil ta del i den veksande reiselivsmarknaden. Med denne utdanninga ønsker eg ein dag å starta opp eller ta del i ei guida friluftslivbedrift.

Mine interesser er ski, klatring og generelt alt som har med utandørs friluftsliv å gjera.

Ole Fredrik Arneberg

Eg er 21 år og kjem frå Oslo. Eg studerer friluftsliv og flytta hit da eg innsåg at livet ikkje handlar om å sitta inne på ein lesesal og rekna matte, men heller det å vera ute og faktisk leva. Eg liker det meste av uteaktivitetar, men om eg må velje to er det ski og klatring som er dei gøyaste.

Me fekk opp teltet relativt kjapt, for me var kalde og det snødde som aldri før. Etter at det var oppe var det berre å byrja å grava kuldegrop. For det beste med vintertelt er jo at du kan stå i forteltet? Og så var det berre å finna fram soveposen, eller soveposane i Daniel sitt tilfelle. Ikkje alle kan vera like heldige å ha «supersmud», «superfresh» vinterpose. Så var det berre å gjera seg klare for neste dag.

Søndag morgon vaknar vi av den fantastiske stilla som er på fjellet og rører oss sakte ut av posane. Kan ikkje påstå at eg eigentleg hadde så lyst til å gå ut av den varme, gode posen, men skal du på ski, så har du kanskje ikkje så mange val?

– Det er dette som er farlig

Vi ruslar opp på fjellet og bestemmer oss for å sjekka om det er trygt å ferdast bratt, eller om me berre skal halda oss i skogen. Måten du sjekkar om snødekket er trygt eller ikkje, blir gjort ved å grava det ein kallar snøprofil. Dette gjer du ganske enkelt med å merka opp eit område på snøen like stort som bladet på spaden din og grava vekk snøen rundt.

Når du grev deg eit stykke nedover, kan du ofte sjå dei ulike laga i snøen. Det er dette som er farlig. Viss eit snølag kollapsar i ei helling over tretti grader, er det stor sjanse for at heile sida rasar ut. Står du midt oppi dette blir du då teken av skred. Tru meg det vil du ikkje (har ikkje blitt tatt i skred sjølv altså, bank i bordet, men eg har sett det på YouTube og det ser lite hyggjeleg ut).

Etter å ha gravd ut ei blokk er det på tide med ein kompresjonstest. Det gjer du for å undersøka styrken til svake lag i snøen omlag ein meter ned i snødekket.  Testen er lett å gjennomføra og gir raskt resultat. Snøen blir belasta på same måte som om du skulle ha gått med ski på den.

TEIKN I SNØEN: Det er tre klare signal på at skredfaren er høg. Er det spor etter tidligare skred i området, det snør kraftig, bles mykje og temperaturen stig kraftig vil dette vera eit tegn på at skredfaren er høg. Hører du drønn i snøen og ser skytande sprekkar er det òg klare faresignal.
TEIKN I SNØEN: Det er tre klare signal på at skredfaren er høg. Er det spor etter tidligare skred i området, det snør kraftig, bles mykje og temperaturen stig kraftig vil dette vera eit tegn på at skredfaren er høg. Hører du drønn i snøen og ser skytande sprekkar er det òg klare faresignal. Bilde: Privat

Testen gjer du slik:

 KANTKORNA SNØ: Slik ser han ut. Godt å kunna.
 KANTKORNA SNØ: Slik ser han ut. Godt å kunna. Bilde: Privat

Først frigjer du ei søyle på omtrent 30x30 centimeter. Sidene skal vera glatte og jamne for at brota skal tre synleg fram. Skjer så ned i snøen i bakkant av snøsøyla du vil testa.

Flat ut toppen av søyla så du får ei jamn flate og plassèr spaden på søylen som illustrert på biletet over. Slå på spaden og tell slag før snøen får et brot. Først slår du ti slag lett frå handleddet. Viss ikkje snøen får brot, held du fram med ti slag frå olbogen og deretter ti slag frå skuldra.

Det er viktig at belastninga skal vera fra handen og armen som fell for eiga vekt. Du skal ikkje aktivt slå på spaden. 

Dersom brotet oppstår allereie når du grev ut søyla er faren veldig stor for å løysa ut skred. Om søyla toler mellom eitt og ti slag med handflata er det lett å løysa ut skred.

Det er aldri skam å snu

Mellom elleve og tjue slag tilseier at det er middels vanskeleg å løysa ut skred. Om resultatservice er mellom tjueèin og tretti er det vanskeleg å løysa ut skred. Dersom du ikkje får brot er det ikkje mogleg å løyse ut skred med ei slik belastning. Eit svakt lag i snøen kan vera forårsaka av eit kantkorna lag. 

KLART SVAR: Snøen skyt sprekker etter to klapp med handa.
KLART SVAR: Snøen skyt sprekker etter to klapp med handa. Bilde: Privat

Kantkorna snø er det svake laget i omtrent 35 prosent av alle skredulukker. Under snøen nede ved bakken er temperaturen omkring null grader heile vinteren. Lengre oppe i snøen er han kaldare. Denne forskjellen fører til at «varmen» stig og fører fukt oppover i snødekket. Når den «varme» lufta blir avkjølt, vil ho etter kvart kondensera og vassdampen frys fast på snøkorna så dei veks.

Dette gir namnet kantkorn og jo lenger denne prosessen held på, jo større og meir skjøre blir kantkornad og desto høgare blir skredfaren.

Kompresjonstesten vår stoppa på to slag med handa. Etter desse to slaga rasa blokka vår ut og me kom til at det var høg skredfare. Me bestemte oss for å snu og heldt oss difor i lågare terreng resten av turen.

Til toppen