FUNNEN: Turfølgjet som blei meld sakna laurdag kveld blei funne i god behald. Foto: Statens kartverk.
FUNNEN: Turfølgjet som blei meld sakna laurdag kveld blei funne i god behald. Foto: Statens kartverk.

Turfølgje kom til rette

Dei sakna skilauparane måtte overnatte ute, men blei funnen i god behald.

Like før 20.00 laurdag kveld blei eit turfølgje på elleve personar som skulle gå frå Breistølen til Bjordalsbu meldt sakna.

Det var dårleg vêr som gjorde at følgje fekk problem på turen og måtte overnatta ute. Like etter 06.30 i dag blei dei elleve personane funnen i god behald, skriv NRK.

Det var tilsette på hytta Bjordalsbu som fann dei og frakta dei tilbake. 

Til toppen