TRENG HJELP: Turfølgjet står fast ved ein fjelltopp i Hurrungane.
TRENG HJELP: Turfølgjet står fast ved ein fjelltopp i Hurrungane. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Turfølgje turde ikkje gå ned att frå fjelltopp, fekk hjelp av helikopter

Fire personar måtte bli henta ned, då skredfare gjorde nedfarten uforsvarleg.

Luster: Eit redningshelikopter måtte tysdag rykka ut til Hurrungane i Luster for å henta ned eit turfølge som stod fast like nedanfor toppen av Fannaråknosi.

– Dei vurderer det som utrygt å gå ned igjen på grunn av fare for snøskred. Det gjekk skred då dei gjekk opp, skreiv politiet på Twitter.

Ingen vart tekne av skredet eller skada. Knappe to timar etter den første meldinga opplyste politiet at alle var henta ned og i god form.

Til toppen