DØD PERSON: Ein turgåar fann ein dødperson i Aurlandsdalen tysdag ettermiddag. Foto: Anders Veum.
DØD PERSON: Ein turgåar fann ein dødperson i Aurlandsdalen tysdag ettermiddag. Foto: Anders Veum.

Turgåar fann død kvinne

Ein turgåar meldte frå til politiet då han fann ei død kvinne i Aurlandsdalen.

Aurland: Tysdag ettermiddag fekk politiet melding om at det var funne ei død kvinne i Aurlandsdalen. Politi, Røde Kors og luftambulanse vart sendt til staden.

– Klokka 14.07 er det ein turgåar som har observert ein død person utforbi ein sti. Han har gått vidare for å varsle. Det er bratt og ulendt i området, så han måtte gå eit stykke før han kunne bruke mobilen, seier operasjonsleiar i politiet Olaug Holme til Porten.no. 

Rundt 16.45 var politiet framme på staden, som er mellom Almen og Sinjarheim, der den døde kvinna vart funnen. Då hadde luftambulansen allereie kome til Vassbygdi for omtrent 15 minutt sidan. 

Ifølgje politiet har kvinna falt rundt 20 meter frå stien og deretter sklidd 30 meter nedover ei steinur. 

Steinar Grønsberg, leiar i Aurland Røde Kors hjelpekorps, fortel at dei har sendt fem personar til å bere ned den omkomne til næraste landingsplass for helikopter. 

 

Til toppen