Det pågår ein redningsaksjon på Dyrhaugstind i Luster kommune. (Foto frå arkiv.)
Det pågår ein redningsaksjon på Dyrhaugstind i Luster kommune. (Foto frå arkiv.)

Mann frakta til sjukehus etter å ha hamna under steinblokk på Dyrhaugstind 

Den skadde skal vera ein mann i 30- åra og er flydd til Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent.

Luster: Ein person har fått ei steinblokk over seg på Dyrhaugstind i Hurrungane i Luster kommune. Skadeomfanget er ukjent. 

– Ulukka har skjedd ikkje så langt frå toppen av fjellet, og redningshelikopter er på veg opp, seier Dan Eirik Johannessen ved operasjonssentralen. 

Dyrhaugstind er på over 2000 høgdemeter. Sidan skadeomfanget er ukjent og fjelltoppen er høg, kan han ikkje seia så mykje om korleis redningsaksjonen blir enno. Dei veit heller ikkje kor stor steinblokka er. 

– Tida får visa korleis dei skal få vedkomande ned, men det er eit kompetent personell, og redningsmannskap ombord. 

Klokka 14.46 melde Hovuedredningssentralen Sør-Norge på Twitter at personen skal vere heisa ut av ulukkesstaden av eit helikopter.  

– Me har fått stadfesta at personen er heisa ut av området, men me veit førebels ikkje kvar han vert sendt vidare, seier Johannessen ved operasjonssentralen til politiet. 

Personen har ifølgje Johannessen ikkje vore fastklemd under steinen. 

– Hendingsforløpet er førebels ukjent, seier han. 

Klokka 15.12 melder politiet på Twitter at turgåaren vert sendt med helikopter til Haukeland universitetssjukehus. 

Politiet melde klokka 15.42 at den skadde er ein mann i 30-åra. Han var på tur med tre andre personar. Ulukka skal ha skjedd i/ved ei steinur. 

Mannen skal ha vore bevisstlaus etter ulukka, ifølgje politiet. Han var delvis bevisst, men omtåka då han vart henta ut. 

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Person i turfølgjet varsla

Alarmsentralen fekk melding om hendinga klokka 12.55. Det var ein person i turfølgjet til vedkommande som varsla, melder VG

Hovedredningssentralen (HRS) skriv på Twitter at eit redningshelikopter er på veg frå Florø og luftambulansen frå Dombås. HRS melder også at Nord Gudbrandsdal Alpine Redningsgruppe og Røde Kors Hjelpekorps vil bistå i redningsaksjonen.

Til toppen